Hopp til innhold

Her lærer dei 500 borna blues på dialekt

Då bluesbandet «Good Time Charlie» skulle spele og syngje for borna i Flora var det lite som minte om tradisjonelle barnesongar.

Her lærer dei 500 borna blues frå Sunnfjord

SJÅ VIDEO: Borna stemte i då Good Time Charlie heldt konsert for dei.

Good Time Charlie barnekonsert

MED PÅ NOTANE: Borna fekk vere med å bidra på sin måte.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

– Mange trur at blues er trist, men det er heilt feil. Vi spelar ein type happy-go-lucky-musikk som er veldig livsglad musikk. Den typen blues på dialekt slår godt an, fortel vokalist Arle Hjelmeland.

Med tekstar på ekte sunnfjord-mål og funky bluestonar engasjerte bandet frå Førde ein fullsett sal med barnehageborn.

– Eg likte veldig godt den første songen, fortel Felix Hillersøy frå Storevatn Barnehage. Han snakkar om songen «rakettsjåfør».

Dei 500 borna hadde på førehand høyrt på barneplata til Good Time Charlie, «Draumeblues og blåsus», slik at dei kunne vere med å syngje og danse på konserten.

– Det er veldig moro at dei er med på songane, og det ser ut til at dei likar det. Så det er veldig inspirerande.

Ikkje berre tulletekstar

Hjelmeland forklarer at det er første gong bandet rettar seg mot barn, men at dei til hausten planlegg ei ny barneplate og bok.

– Eg jobbar mykje med tekstane på dialekt. Det er veldig viktig at tekstane formidlar noko positiv for born, og med lette ordspel som dei forstår. Og ikkje berre tulletekstar, legg han til.

Han synest det er viktig at barn får høyre ulike musikalske sjangrar og fortel at blues ser ut til å slå godt an hjå dei yngste.

(Artikkelen held fram under biletet)

Good Time Charlie Barnekonsert Flora

FULLT HUS: Mange born møtte opp til konserten i Flora samfunnshus i dag.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Sjølv om Good Time Charlie ikkje har laga barnemusikk lenger enn eit år har bandet eksistert sidan 1982. Hjelmeland fortel at noko av det viktigaste for dei med barneprosjekta er å halde på same sounden som i resten av musikken.

Tatovert barnesong på armen

Anders Strømborg

GENIALT: Songane er annleis, men det er bra, meiner far Anders Strømborg.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Anders Strømborg er sjølv svært glad i bandet og var med då borna hans i dag drog på Good Time Charlie konsert med barnehagen.

– Eg synest det er heilt genialt. Songane er litt annleis enn vanlege barnesongar, men det er ikkje noko feil med det, seier Strømborg.

På armen har tobarnsfaren til og med tatovert inn notane til ein av songane til bandet.

– Ungane likar godt bandet, så då passa det godt å tatovere inn ein av yndlingssongane deira, fortel han.

Tatovering Good Time Charlie

FOR BORNA: Anders Strømborg har tatovert inn notane til ein song av Good Time Charlie.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK