Hopp til innhold

Her la han grunnlaget for gull-løpet til Johannes

Når dei norske utøvarane har sanka inn medaljar i VM, er det sogningen Terje Fardal som har gitt dei utgangspunktet. I slipebua.

Terje Fardal i gang med slipinga av VM-skia

NØYE: Sliping av ski er omstendeleg arbeid.

Foto: Øystein Veum

– Jau, alle dei fire norske gjekk på min slip i dag, slik eg forstod smørjeteamet, seier Fardal.

Han kjem opphavleg frå Hafslo, men har budd utanfor fylket dei siste 30 åra. Fardal har base i Holmenkollen og er tilsett i Olympiatoppen der han sliper 100 prosent for langrennsutøvarane, men også for kombinert- og skiskyttarlandslaget.

Laurdag slipte han Tarjei Bø sine ski tre-fire timar før stafetten, der dei norske herrane til slutt kunne juble over det edlaste metallet.

Blir rørt når utøvarane lukkast

Johannes Thingnes Bø var han klar på kven han ønskte å takke etter gull-løpet på fellesstarten:

– Eg hadde heilt fantastiske ski, jubla Thingnes Bø etter målgang.

Terje Fardal i slipebua

PUTL: Ein må vere nøye når ein sliper skia til ein potensiell verdsmeister.

Foto: Øystein Veum

Og slikt varmar hjarta til ein som dag ut og dag inn står i smørjebua og sliper skipar etter skipar.

– For meg er det veldig stort. Når du veit at du har bidrege til VM-gull så er det kjekt. Og så er det spesielt med Tarjei og Johannes når vi er frå same fylket. Det blir litt ekstra stort då, seier Fardal, som ikkje legg skjul på at han vert rørt.

– Eg får tårer i auga av å tenkje på det. Eg blir veldig rørt og det gjer noko med ein når ein kan vere så tett på og jobbe med så fantastisk gode utøvarar. Å sjå dei lukkast og vite at ein har bidrege litt, det er stort, seier Fardal.

Johannes Thingnes Bø verdensmester på fellesstart.

Men fest blir det ikkje

For rett slip og rett smørjing kan i verdscupsirkuset vere nettopp det som skil ein pallplass frå ei plassering langt ned på resultatlista.

– Det er så små marginar, og alt betyr noko. Det er fort utslagsgjevande på kor ein hamnar på lista, seier Fardal.

Idrettssjef for skiskyttarlandslaget, Morten Aa Djupvik, er stolt og rørt over innsatsen og resultata til utøvarane i VM. Men han er klar på at dei har eit massivt støtteapparat i

Ferdig med Eckhoff sine ski

FERDIG: Her er Terje Fardal ferdig med eitt av skipara til Tiril Eckhoff.

Foto: Øystein Veum

ryggen som gjer ein fenomenal jobb.

– Det er mange som står bak og gjer ein fantastisk jobb. Eg vil seie at det er eit utruleg flott team som står bak denne gjengen, seier Djupvik.

Medan gullvinnar Thingnes Bø har gjort det klart at han skal feire gullet med ein skikkeleg fest, er Fardal på veg heim. Omsider.

– Nei, no skal eg komme meg heim att. Eg har ikkje vore heime på over tre veker, så no vil eg heim og finne senga. Men laget skal nok feire. Eg kjenner eg er mett, ler Fardal.

Thingnes Bø etter gull på fellesstarten