NRK Meny
Normal

Her kjem det første køyretøyet over brua

Torsdag ettermiddag køyrde dei første bilane over den splitter nye Loftesnesbrui i Sogndal.

Loftesnesbrui opna for trafikk

FØRST OVER: Dette vogntoget var det første køyretøyet som fekk køyre over den nye brua. I den andre retninga kom ein personbil. Begge sjåførane fekk blomar.

Foto: Kaia Viki / NRK

Dermed er ein flaskehals på riksvegnettet i Sogn og Fjordane historie. Den gamle brua frå 1958 er smal og har ein svingradius som ikkje tilfredsstiller den standarden som skal vere i våre dagar.

Når den nye brua opnar offisielt skal også nye gang- og sykkelfelt takast i bruk, noko som lenge har vore etterlyst blant dei mange som kryssar brua kvar dag. Den gamle brua skal etter kvart fjernast.

Landemerke

– Det har vore ei lang reise, men ei flott reise. då er det fint å sjå dei første gåande og syklande over brua, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken.

Ordførar Jarle Aarvoll var imponert, og glad for ny bru.

– Den gamle brua var eit landemerke i 59 år. No skal den vekk. No kjem det eit nytt landemerke her. Eg er imponert over dei betra forholda for gåande og syklande. Og så tenker eg på byggeperioden, det har knapt vore stogg i trafikken. All æra til vegvesenet, seier ordførar Jarle Aarvoll.

Kortare enn den gamle

Det er ei kortare bru som er komen på plass. Den gamle var 210 meter lang, den nye er 194 meter. Men det har gått monaleg meir materialar til å få på plass den nye. Det er fem gonger så mykje stål i den nye brua som i den gamle, 1250 tonn stål mot 232 tonn i den gamle, vart det opplyst under markeringa torsdag.

42 000 meter armering er brukt berre i brudekket, cirka 1000 lass med betong er køyrt til anlegget, som betyr cirka 6000 kubikk betong.

Til saman 1260 meter med grove stålpælar er slått ned i grunnen under fjorden. Dette skal bere nettverksbogebrua.

Vi følgde markeringa direkte:

I dag kan bilistane køyre over den ferdige brua.

Sjå bilete frå då bruspennet blei montert:

Loftesnesbrui

Les også: Her markerer dei starten på ei ny bru

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.