Hopp til innhold

Her kostar straumen femdobbelt

Fem kommunar i Sogn og Fjordane betaler fem gonger så mykje for straumen som resten.

Stryn sentrum

Fem nordfjordkommunar, blant dei Stryn, betaler fem gonger så mykje for straumen som dei andre.

Foto: NRK

- Vi er i den situasjon at nokre Nordfjord-kommunar må betale fem gonger så mykje for straumen som dei andre, seier Rune Nydal som er nestleiar for småkraftprodusentane i Norge.

Det skjer fordi Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn ligg ein tanke for langt nord i høve til ei skiljelinje i Nordsjøen.

- Landet er delt inn i noko som heiter No 1 og No 2 og desse kommunane ligg i No 2, forklarer Nydal.

Straumunderskot

Før var landet delt i to straumsoner, men på grunn av stort straumunderskot Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka blant anna på grunn av industriutbygging, vart det for to år sidan oppretta eit eige prisområdet i Midt Norge. Det nye prisområdet omfattar også dei fem nordfjordkommunane.

I sør Norge er det i dag flust med straum men vi har ikkje store nok linjer til å frakte den til Midt Norge og dermed frå den prisforskjellen vi ser i dag seier Nydal, og argumenterer for den planlagde gigantlinja mellom Fardal og Ørskog som har skapt store protestar i Sogn og Fjordane.

- Dersom ein vil ha like straumprisar er det løysinga. Om ein vel å ha ein betydeleg høgare pris så kan ein berre halde fram i dag. Då må kommunar, bedrifter og privatpersonar betale prisen, seier Nydal.

- Dette er galskap

- Eg tykkjer dette er galskap, seier ordførar i Hornindal Bjørn Lødemel.

- At ei slik linje på kartet skal gje så ulike prisar er heilt bak mål, seier Lødemel som har markert seg som ein sterk motstandar av gigantlinja som skal gå gjennom kommunen hans.

- På ein eller annan måte må ein få fram straumen. Ein måte er å leggje sjøkabel som er ei mykje meir framtidsretta løysing, seier Lødemel.