NRK Meny
Normal

For 20 år sidan tok han sitt aller første styrkeløft - i dag smadra han sin eigen norgesrekord

20 år og tre dagar etter sitt aller første styrkeløft tok Alexander Kirketeig ny norsk rekord med 340,5 kilo i knebøy.

– Eg kjenner det godt i kroppen at eg har løfta tungt for å seie det slik, seier Alexander Kirketeig frå Førde.

Laurdag deltok han i regionmeisterskapet i styrkeløft for region vest. I eit vanleg regionmeisterskap ville han ikkje gitt så mykje, men sidan dette var eit jubileum gav han litt ekstra.

– Det er faktisk 20 år sidan eg starta med styrkeløft. Eg debuterte 17. desember 1994, då var eg 15 år. Eg visste eg ville klare å slå den gamle rekorden min frå august. Så for min del satsa eg litt på dette stemnet, noko eg vanlegvis ikkje ville ha gjort, seier han.

For det er ei ganske stor belasting å både trene og utføre eit så stort løft, så det bør berre utførast eit par gonger for året.

– Så eg tok litt ekstra i på laurdag, ler, han.

Trening har gitt resultat

Kirketeig vart også beste løftar under helgas meisterskap.

LES MEIR OM ALEXANDER KIRKETEIG I FYLKESLEKSIKONET

Den sterke mannen bur for tida i Askøy utanfor Bergen. Han vedgår at det er tungt å løfte 340 kilo, men trening i 20 år har gitt resultat.

– No er jo 200 kilo ganske lett. For min del har det vore kontinuitet, hardt arbeid og trening av langt tid som har gitt resultat. Det har vore alt frå trening tre gongar i veka til opp til ti treningsøkter for veka, fortel han.

Planar om løfte enda tyngre

Kirketeig fortel at det er mange frå heimbyen Førde som no markerer seg i styrkeløftkonkurransar, og tykkjer det er svært kjekt at det har vore eit oppsving i miljøet.

Blant anna klarte Inger-Lene Sunnarvik frå Førde å kvalifisere seg til EM, noko han tykkjer er stas.

No er Kirketeig så sterk som han nokon gong har vore.

– Eg har ambisjonar om å klare å løfte enda litt tyngre, i alle fall flytte rekorden 10 kilo til, ler han.

Endra vektklasse

Dei observante vil ha fått med seg at Kirketeig mellom anna sette norsk rekord i 2008, då med 341,0 kilo i knebøy. Men vektklassane vart endra like etter, så rekorden han sette i dag, var i klasse 93 kilo.

– Då dei endra vektklassane, så vart alle rekordar sletta. Det er utruleg kjekt å ha fått det til igjen, så dette er kjekt, seier Kirketeig.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser