Her klargjer dei vikingskipet for sommarsesongen og «Sommeråpent»

SANDANE (NRK): Når NRK «Sommeråpent» testar campinglivet i sommar, er det ikkje umogleg at tv-sjåarane også får med eit glimt av vikingtida.

Vikingskipet på Gloppen camping- og fritidssenter

FAMILIEPROSJEKT: Brørne Arne-Mikal Kjørvik og Roger Kjørvik samarbeider om å få vikingskipet klart til sommarsesongen. Også systera Leela Kjørvik er med i arbeidet.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ikkje alle campingplassar kan skilte med eit eige vikingskip, men det kan Gloppen Camping- og Fritidssenter. Campingplassen er ein av seks her i landet som er valt ut som arena for NRK-programmet «Sommeråpent» denne sommaren.

Derfor er det ikkje umogleg at også tv-sjåarane får oppleve vikingskipet, men først må vårpussen takast.

– No skal vi olje inn båten så han ikkje lek når vi får han ut på sjøen, fortel Roger Kjørvik.

Tusen år sidan sist

Då skipet blei bygd i 2015, var det tusen år sidan sist eit vikingskip blei til i kommunen. No er det fjerde sommaren skipet kjem på vatnet.

Vikingskipet på Gloppen camping- og fritidssenter

FRÅ 2015: Skipet blei bygd i 2015 og har fått namnet «Arni».

Foto: Benedikte Grov / NRK

Leela Kjørvik er i gang med å smørje skroget.

– I fjor begynte vi med segling, når vi får til den biten begynner det å bli skikkeleg moro. Det går veldig fort den eine vegen, og er tyngre andre vegen, ler ho.

– Når ikkje vinden hjelper, er det musklane som må til.

– Blir skipet å sjå i «Sommeråpent»?

– Eg reknar med dei har lyst til å ha det med. Så får vi sjå om vi kan får segla litt. Og eg blir her med vikingutstyr og vikingtelt, og kler meg opp, smiler Leela Kjørvik.

Vikingskipet på Gloppen camping- og fritidssenter

HOBBY: – Det er hobbyen vår, dette, ler Leela Kjørvik. Saman med brørne klargjer ho vikingskipet til sommaren.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Åtte personar til rors

Det er ingen liten jobb å vedlikehalde eit vikingskip. Berre yngstemann i søskenflokken manglar, elles er heile familien i sving. Også å få skipet på vatnet, krev litt mannskap.

– Vi har heldigvis gravemaskin, så den hektar vi på. Så beltar vi den enkelt ut og greitt ut i sjøen. Skipet står på hengar, så det er ikkje noko problem. Så lar vi sjøen ordne resten, fortel Roger Kjørvik.

– Vi bør vere sju-åtte personar når vi skal ut med den. Den blir litt for lite brukt, så vi må sjå om vi ikkje kan skjerpe oss, smiler Kjørvik.

Vikingskipet på Gloppen camping- og fritidssenter

UNDER TAK: Vikingskipet står trygt plassert under tak mellom campingvogner og hytter på Gloppen Camping- og Fritidssenter.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Kanskje får dei moglegheita i sommar. Det er i veke 29, frå 15. juli, «Sommeråpent» kjem til campingplassen i Gloppen for å utforske campinglivet her.

– Vi gler oss til å vere ei heil veke på same stad denne gongen, og dermed få moglegheita til å bli litt betre kjent med folk og staden, før vi må reise vidare, sa prosjektleiar Anja Danielsen Stabell då nyheita om at campingplassar blir arena for programmet, blei kjent.

Hit kjem «Sommeråpent»

Veke 27: Moysand familiecamping, Grimstad/Fevik

Veke 28: Larkollen camping, Larkollen

Veke 29: Gloppen Camping- og Fritidssenter, Sandane

Veke 30: Storsand gård camping, Malvik

Veke 31: Kabelvåg feriehus og camping, Kabelvåg

Veke 32: Alta strand camping & apartments, Alta