Hopp til innhold

Her kjøper turistane nips for millionar av kroner

I Aurland opnar turistane lommeboka for å kjøpe troll og suvenirar. Det gjer at handelen på få år har eksplodert og nær dobla seg i den vesle vestlandskommunen.

Torghandel i Flåm

TROLL OG ELG: I turistbutikkane og i salsbuene får suvenirane bein å gå på.

Illustrasjon: Arne Veum

Turistbussane står oppstilte på rekke og rad, og svære cruiseskip ligg til kai. Årleg tek over ein million turistar turen til Aurland. Mange av dei er handlelystne.

– Turistane legg att mykje pengar, og snart er den totale omsetnaden for turistnæringa oppe i 900 millionar kroner. Kjøp av suvenirar er viktig for handelen, men også at turistane er innom daglegvarebutikkane, seier Aurland-ordførar Noralv Distad (H).

Medan nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at mange kommunar har nedgang i detaljhandelen, er stoda ein annan for turistkommunen i Sogn.

Tala viser at det blir handla som aldri før i den vesle kommunen med 1700 innbyggarar. Frå 2014 til 2018 har handelen auka med 48 prosent.

– Det viser at vi lukkast som reiselivskommune og har eit næringsliv som gjer sitt beste. Handlelystne turistar gjer også at innbyggarane våre får eit betre tilbod, blant anna når det kjem til opningstider, seier Distad.

Aurland har ikkje berre dobla handelen dei siste åra, men også gått forbi regionsenteret Sogndal.

Noralv Distad på Flåmsbana

GULLGRUVE: Aurland-ordførar Noralv Distad på Flåmsbana.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Knuser cruisemyte

Dei siste 20 åra har omsetnaden i turistnæringa i Aurland vakse frå 80 millionar kroner i 1998 til nær 900 millionar. Frå kontoret sitt på lokalet til Flåmsbana har Sivert Bakk i Flåm utvikling utsikt mot det yrande folkelivet i Flåm, som vert større år for år.

Sivert Bakk

VEKST: Dagleg leiar i Flåm utvikling, Sivert Bakk, ser at fleire vil ta turen med Flåmsbana.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er gledeleg at veksten i reiselivet og jobben vi gjer gir næring til alt frå handel til entreprenørar, seier Bakk.

Tidlegare har spesielt cruiseturistane fått kritikk for å ikkje legge att pengar på stadar som Flåm. Bakk meiner handelstala viser noko anna.

– Både turistane og tilsette på cruiseskip bidreg til doblinga vi ser i handelen. Vi skal jobbe vidare for at cruiseturistane skal legge att meir i Aurland i framtida, seier han.