NRK Meny
Normal

Her kjem spelarane heim for å feire opprykket

SOGNDAL (NRK): Etter at opprykket var sikra sette spelarar og støtteapparat seg i bussen for å halde fram festen i heimbygda.

Sogndalspelarane feira saman med fansen etter at opprykket var i boks.

JUBEL: Jubelen hadde enno ikkje lagt seg hos spelarane då dei seint på kveld kom heim til Sogndal for å feire opprykket. (Video: Christian Blom/NRK)

Dei hemningslause jubelscenene i garderoben etter gårsdagens bortesiger vart følgt opp av ikkje mindre heftig feiring seinare på kvelden.

Fleire hundre fans stod og venta då spelarbussen trilla inn til bygda, blant dei fotballpresident Yngve Hallén og ordførar Jarle Aarvoll.

Med kaptein Rune Bolseth i spissen hoppa og song spelarane dei tjue metrane frå bussen til puben. Der kunne feiringa over at Sogndal er tilbake på det øvste nivået i norsk fotball halde fram.

Sjå bileta frå feiringa!

Gå til forsiden

Sogndal feirar på puben

Sogndal feirar med fansen på puben

Sogndal feirar på puben

10 bilder

    Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
    Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
    veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser