Hopp til innhold

Her kjem snøskredet rett mot Jan Ove

– Hadde eg kome tre-fire minuttar seinare, så hadde eg stått midt i snøstormen.

For andre året på rad filma Jan Ove Garlid gigantskred i Erdalen.

SJÅ VIDEO: For andre året på rad filma Jan Ove Garlid eit gigantskred i Erdalen i Oppstryn. (FOTO: JAN OVE GARLID)

Jan Ove Garlid var om lag halvveges på den vel 20 minuttar lange turen til Erdalssætra i Oppstryn, då eit brak i fjellsida fanga merksemda hans.

– Eg høyrde eit smell. Så tok det laust, fortel han.

Med fjorårets snøskredoppleving friskt i minne , tok han opp mobilen og filma naturkreftene sin veg mot låglandet på motsett side av dalen.

Snøføre etter snøskredet i Erdalen

VINTERTID: Det var tilnærma vinter i delar av dalføret etter snøskredet.

Foto: Jan Ove Garlid

– Det rasar ganske ofte her, men dette var spesielt. Det plar alltid bråke veldig, også med småras, men dette var ei fæla buldring, fortel han og meiner han sjølv var kring 300 meter frå skredet.

Det er ingen hus i området og ingen vart skadde i snøskredet. Sjølv meiner Garlid at han stod på trygg avstand.

– Det var eit fascinerande syn, og så vart eg godt nedkjølt av fonnvind og snødrev. Men det passe eigentleg godt. Det var sol og varmt å gå, humrar han.

Kring 200 meter lenger nede var det tilnærma vintertid igjen. Den kraftige fonnvinden spreidde snøen godt, og la over ende nokre tre.

Naturkreftene gjekk også ut over tre i nærleiken.

ROTVELT: Eit mindre tre måtte gje tapt mot fonnvinden.

Foto: Jan Ove Garlid

– Eg møtte på nokre turistar som fortalde om ei kvinne med to born som kom ut av snøstormen godt dekte av snø. Det vil eg tru var ei ubehageleg oppleving, seier Garlid.

Snøskredet kom om lag eitt år etter det førre skredet han filma i dalen. 2. juni i fjor sat han utanfor Vesledalshytta vel to kilometer lenger inne då det byrja å buldre.

– Dette er det største skredet eg har sett, men eg har høyrt at det har blåst snø heilt ned på dei næraste husa. Dei står eit stykke unna, avsluttar han.