Her kjem isen veltande ned elva

– Det var omtrent som lava i ein vulkan som kom veltande, fortel Narve Heggheim i Jølster om ismassane som søndag ettermiddag kom sigande ned Stardalselva.

Då isproppen i Stardalselva losna, vart det eit fascinerande syn av naturen som sjølv rydda opp i dei store is- og vassmassane i elvelaupet.

SJÅ VIDEO: Då isproppen i Stardalselva losna, vart Narve Heggheim vitne til eit imponerande og fascinerande syn av naturen som sjølv ordna opp i dei veldige is- og vassmassane i elvelaupet. (Foto: Narve Heggheim/Redigering: Oddleif Løset)

Den lange kuldeperioden har lagt tjukk is over det meste av elvelaup og vatn i Sogn og Fjordane.

Med mildvêret og nedbøren søndag gav det Narve Heggheim eit fascinerande møte med naturkreftene.

Narve Heggheim

FILMA: Narve Heggheim filma massane som kom sigande nedover Stardalselva.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

– Plutseleg høyrde vi eit veldig sus, og då kom heile sendinga med vatn, is og snø framover. Det gjekk ikkje med rekordfart, men det var enorme krefter i det som kom, fortel Heggheim.

Vaks ikkje særskilt

Nedbørsmengdene vart nok ikkje så store som ein frykta, men det snø- og issmeltinga var det likevel nok til at isen i Stardalselva både losna og klaka seg.

(Artikkelen held fram under videoen)

Slik såg det ut måndag morgon ved Marifjøra bru i Sogndal.

SJÅ VIDEO: Isen klakar seg opp ved Marifjøra bru på fylkesveg 55. (Foto: NRK. no-tipsar/Redigering: Oddleif Løset)

Heggheim, som bur relativt langt nede i dalen mot Klakegg, ana at noko kunne var i gjere når elva ikkje vaks særskilt utover dagen.

– Det regna ganske heftig heile dagen, men elva heldt seg eigentleg på same nivå som ho har vore heile tida. Vi byrja å lure på om noko var gale, då vi plutseleg høyrde eit veldig sus, fortel han.

– Naturen ordna opp

Heggheim kasta seg i bilen og følgde det imponerande synet av ismassar og vatn som braut seg veg nedover elvelaupet.

Vasstanden vaks kraftig på kort tid då isproppen lengre inne i dalen losna og kom nedover den islagde elva. Med så store vassmengder i elvelaupet kan tronge passasjer fort føre til flaum.

– Eg køyrde framover og følgde proppen eit stykkje. Det var eit fascinerande syn, og imponerande å sjå korleis naturen ordna opp, seier han.

Frå blokk til slush

Når isproppar losna, og store mengder vatn og is fossar ned elva, kan det fort skje skade. For to år sidan ein mann sopt med elva då ein ispropp losna i Gjesdalselva og kom veltande mot fleire personar som jobba ved elva.

Proppen i Stardalen losna utan at det skjedde skade.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Det som lengst inne var digre blokker av tjukk is, mol seg opp slik at det etter kvart vart slush, seier Heggheim.

Sjefingeniør Inge Lavoll hos NVE seier at ein bør vere litt obs i desse tider med mildvêr og nedbør i form av regn etter ein lengre kuldeperiode.

Kan vere fare

NVE har fått melding om ispropp både i Angedalen og i Naustdal. Førstnemnde løyste seg opp, medan proppen ved Styggelifossen har ført til flaum og stengd veg til Herstad.

– Det er veldig sjeldan vi har ein slik vinter og vår, med mykje kulde, delvis berrfrost og høvesvis lite snø. Når ein får slikt veromslag som no, så kan det vere fare for isferd og kanskje isoppstuing, seier Lavoll.

– Bør sjå etter

– Det vil ikkje skade om alle grunneigarar eller andre som kan bli råka om vatn kjem på ville vegar, ser etter i nærområdet kva som er i ferd med å lage seg til, held Lavoll fram.

For vatn har ei eiga evne til å finne seg nye vegar om det skulle møte på hinder. Så langt har ikkje vêromslaget ført til skade.

– Truleg vil dette roe seg. Mildvêr i seg sjølv smeltar, men ikkje i den grad som om ein har mykje regn i tillegg, avsluttar Lavoll.