NRK Meny
Normal

Her kjem isbjørnen til Fjærland

I går fekk bremuseet på Fjærland ein stor isbjørn til utstillinga si. No håpar museumsdirektøren at fleire tek turen til bremuseet.

Isbjørn

ENDELEG: Museumsdirektør John Brekke har venta lenge på å få isbjørnen til Fjærland.

Foto: Klara Heimlid Bøyum

– Dette har vi venta lenge på, seier ein nøgd museumsdirektør, John Brekke.

Tidlegare i år henta bremuseet inn fleire mammutar. Isbjørn har stått på ønskelista til museumsdirektøren lenge.

– No når vi har fått mammutar tenkte vi at det hadde passa veldig godt med ein flott isbjørn. Dei fleste tenkjer jo på isbjørn når det er snakk om is og arktiske strok, seier Brekke.

Fekk hjelp frå Cuba

Brekke har prøvd å få isbjørn til Fjærland lenge. Han har vore i kontakt med sysselmannen på Svalbard fleire gonger i håp om å få ein der i frå, men der var det lang kø. Annonse i avisa vart løysinga.

– Ein nordmann på Cuba hadde høyrt om annonsen ringde. Han hadde nemleg ein isbjørn i Oslo, fortel Brekke.

Når han fekk sjå dyret blei han imponert, og i går kom bjørnen til Fjærland.

(Artikkelen held fram under biletet)

isbjørn

BLIKKFANG: Den tre meter høge isbjørnen er det fyrste gjestane på bremuseet får sjå når dei kjem inn.

Foto: Klara Heimlid Bøyum

Håpar på fleire gjestar

I 2007 vart Senter for klimaforståelse opna på bremuseet. Isbjørnen vert ein del av denne utstillinga, der besøkjande skal få informasjon om kva som skjer med isbjørn, og andre dyr når isen smeltar. No håpar museumsdirektøren at fleire vil ta turen til Fjærland.

– Han er jo litt av eit blikkfang, seier Brekke stolt.

Isbjørnen er nesten tre meter høg, og det fyrste som møter gjestane når dei kjem inn dørene på bremuseet.

Brekke seier at han ser at publikumstala aukar når dei får nye ting til museet.

– Vi er veldig fornøgd med besøkstala så langt i år. Tala så langt i år er høgare enn i fjor, og det er jo framleis litt igjen i sommaren.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå