– Sogn og Fjordane kjem dårlegast ut på våre målingar, og det vert dårlegare for kvart år som går, seier seksjonsleiar i Vest, Kofi Amankwah, i Integrerings og mangfaldsdirektoratet, IMDI.
- Les også:
Berre 18 prosent i arbeid
Flyktningar som kjem til Noreg må gjennom eit introduksjonsprogram for å gjere dei betre budde til å ta del i skule og arbeidsliv.
Berre 18 prosent av dei som deltok i Sogn og Fjordane klarte dette. Det er lågast i heile landet, der snittet ligg på 44 prosent.
– Vi veit ikkje kvifor og må finne ut av dette. Vi vert uroa når vi ser tala, seier Amankwah.
- Les også:
Låg status gjev konsekvensar
Men dei aller fleste flyktningane hamnar hos NAV, og får ulike støtteordningar der. Dette kostar samfunnet fleire millionar kroner årleg berre her i fylket
– Det er absolutt ingen grunn til at vi skal vere dårlegare enn andre på dette. Så vi meiner det handlar om låg status, seier assisterande direktør i NAV Knut Steinar Eitungjerde.
Han meiner arbeidet den manglande statusen i kommunane fører til at jobben med å integrere flyktningar meir utfordrande enn den treng å vere.
– Har de i NAV gjort nok for å betre situasjonen?
– Vi treng alle som kjem til fylket, og vi må berre bli betre på dette. Det gjeld NAV også. Vi er slett ikkje best, og har mykje å gå på, seier Eitungjerde.
- Les også:
Må gjere meir
KS har visst om situasjonen lenge, og meiner dei har prøvd å få kommunane til å prioritere arbeidet med å få flyktningar integrerte. Likevel scorar kommunane i fylket dårlegare enn nokon gong tidlegare.
– Dei er einsame dei som arbeider med dette i kommunane og vi har sett fokus på dette på alle samlingar vi har. Vi trur vi på denne måten kan vere med å heve statusen, seier KS leiar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.
– NAV meiner dei kan gjere ein betre jobb med dette, kva med KS?
– Ja, vi må berre bli betre. Slik er det berre.
Sidan ingen heilt veit eller forstår kvifor situasjonen er slik, vil IMDI ha møte for å få fleire over frå stønad til arbeidslivet.
– Ja, vi må finne ut kvifor det er slik og kva vi kan gjere med dette.
- Les også: