Hopp til innhold

Her opna dei seks timar tidlegare enn planlagt

Styggevêr prega laurdagen på fleire av fjellovergangane i Sør-Norge. Søndag morgon er dei mest trafikkerte fjellovergangane opna.

Vikafjellet ved Hola

OPNA: Søndag klokka 09 var det planlagt ny vurdering av Vikafjellet. Allereie før klokka 03 var fjellovergangen opna.

Foto: Statens vegvesen

– Det er lite vind og lite nedbør, men litt snø og is i vegbana enkelte stader, oppsummerer vaktoperatør Kathrine Kvåle søndag morgon.

Med det skulle ei trøblete helg for fjellovergangane vere over.

  • Sjå full oversikt over fjellovergangane nederst i saka

Trøblete helg

Heile fredag herja uvêret i fjellet i Sør-Norge. Ei rekkje fjellovergangar var heilt stengde, medan folk måtte stå lenge i kø for å kome med i kolonnene andre plassar. På eit tidspunkt var E16 over Filefjell den einaste fjellovergangen som var open for fri ferdsle.

Laurdag betra situasjonen seg noko for fjella i Sør-Norge. Søndag er det venta nordleg liten kuling utsette stader og enkelte snøbyer i nordlege område. Utover det er det venta opphaldsvêr og periodar med sol.

Slik er status på fjellovergangane i Sør-Norge (oppdatert 08.00):

E6 Dovrefjell: Snø- og isdekke.

E16 Filefjell: Snø- og isdekke.

E134 Haukelifjell: Snødekke.

Rv. 7 Hardangervidda: Stort sett snø- og isdekke.

Rv. 9 Hovden–Haukeli: Snødekke, fare for glatte parti.

Rv. 13 Vikafjellet: Snø- og isdekke.

Rv. 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke, fare for glatte parti.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke. Store køyretøy blir anbefalt å bruke kjetting.

Fv. 13 Gaularfjellet: Stengt. Ny vurdering måndag klokka 12.

Fv. 50 Hol-Aurland: Snø- og isdekke.

Fv. 51 Valdresflye: Snø- og isdekke. Fare for glatte parti, snøfokk.

Fv. 53 Tyin–Årdal: Snø- og isdekke.

Fv. 55 Sognefjellet: Vinterstengt frå 18. november.