Hopp til innhold

Snart tek arbeidet med «Utsikten» til - skal stå ferdig sommaren 2015

Viss riksveg 13 over Gaularfjellet opnar som planlagt til 1. mai, startar arbeidet med ny utsiktsplattform opp med ein gong. «Utsikten» skal stå ferdig i løpet av 2015, og har ein prislapp på 18 millionar kroner.

Utsikten

LUFTIG: Det er enorme mengder betong som skal på plass før platået er klart til bruk neste år.

Foto: Code Arkitektur / CODE ARKITEKTUR

– Prosjektet er ei ny betongplattform med tre hjørner som bøyer oppover. Det blir ein fantastisk spektakulær utsiktsplattform, seier mediekontakt Per Ritzler i National Tourist Routes in Norway.

Rasteplassen ligg på toppen av stigninga opp frå Vetlefjorden. Frå dette punktet har ein vakker utsikt over landskapet der fylkesveg 13 slyngjer seg oppover lia.
Ritzler håpar rasteplassen står klar i løpet av 2015.

– Men det kjem sjølvsagt an på vêret, for det går ikkje an å byggje året rundt på denne staden. Men vi tek sikte på å få det til, seier Ritzler.

Blir 429 kvadratmeter

Utsiktspunktet skal i hovudsak byggjast som ei trekanta betongflate med hjørner som peikar mot nord, sør og vest.

Betongflaket reiser seg i tre endar, og formar eit amfi på om lag 420 kvadratmeter. Tanken er å lage ei form som også kan brukast som ein sosial og kulturell arena.

Men med bygginga kan det også medføre noko ulempe for dei som køyrer turistvegen over Gaularfjellet når vegen er open.

– For det første kjem ikkje toaletta på utsiktspunktet vere tilgjengelege medan ein byggjer, seier Ritzler.

Det vil også verte noko stenging på vegen medan bygginga går føre seg.

– Det må ein rekne med. Men vi håpar resultatet vert verdt ventinga, seier Ritzler.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gaularfjellet

UTSIKTEN: Frå utsiktspunktet vil ein mellom anna sjå korleis fylkesveg 13 slyngjer seg opp frå Vetlefjorden og opp til Gaularfjellet.

Foto: Nasjonale turistvegar

Kostar litt over 20 millionar totalt

Det er Veidekke som har inngått kontrakt med Statens vegvesen om bygging av utsiktspunkt, parkeringsplass og toalettbygg ved Utsikten på fylkesveg 13 over Gaularfjellet.

– Vi håpar å verte ferdige i månadsskiftet juni/juli i 2015, seier prosjektleiar hjå Statens vegvesen, Bjørn Andresen.

Prosjektet er kostnadsrekna til 18,4 millionar kroner.

– Det kjem litt moms i tillegg, så vi snakkar litt over 20 millionar kroner totalt, seier Andresen.

Prosjektet er finansiert gjennom løyvingar til nasjonale turistvegar.

– Dette er øyremerkt prosjektet på Gaularfjellet, seier Andresen.

Utfordrande støyping og forskaling

Han trur ikkje arbeidet vil hemme dei som skal køyre Gaularfjellet medan arbeidet går føre seg.

– Det vil ikkje bli stengingar å snakke om. Einaste ulempa er at toalettet på utsiktspunktet ikkje vil bli halde ope, seier Andresen.

Han karakteriserer arbeidet som ligg framfor entreprenøren som krevjande.

– Det må vi kunne seie. Det er ei utfordring, for det er vesentleg betongarbeid og eit spesielt byggverk. Det krev sitt både å forskale og å støype opp konstruksjonen, seier Andresen.