Hopp til innhold

Her kjem dei nye barne TV-stjernene

Bollar, juice, bollar og pølse med brød stod på menyen då dei neste stjernene barne TV-serien «Klart eg kan» deltok på premierefesten fredag.

For førstkommande tysdag brakar det laust med ein ny sesong «Klart eg kan» på NRK Super.

I alt 11 nye episodar er spelte inn og redigert ferdige for å bli vist til det norske publikum. Episodane vil gå 11 tysdagar på rad, klokka 1815.

– Det blir ganske kjekt å sjå seg sjølv på TV, seier Lukas Endal Andersson frå Eid.

Gjort stas på

Han er med for andre gong i serien og møtte fredag dei andre borna i serien under premierefesten på Operahuset på Nordfjordeid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Klart eg kan Sesong 2

DESSE ER MED: Sivert Vikene (bak f.v.), Mina Husebø Kristensen, Patrick Hjelle, Emma Aase, Aurora Grinde, Suzanne Odlolien, Tine Skovro, Malin Eikenes Tjellaug, Ada Borgund, Leon Silden Tytingvåg (framme f.v.), Hanna Breilid og Lukas Endal Anderson.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug/NRK

Her fekk dei både noko godt å drikke, samt noko å bite i.

– Det skulle berre mangle at vi ikkje skal gjere litt stas på dei. Det er mange som har stilt opp, tatt seg fri frå jobb, skule, barnehage for å vere med, gliser prosjektleiar Kjellrun Lavik.

– Utruleg modige born

I episoden får sjåarane møte born som viser at dei får til ting som dei har lyst til å få til.

Regissør Eva Westvik har tidlegare stått for serien «Her er eg!», og står også for mange av programma i den andre sesongen av «Klart eg kan».

(Artikkelen held fram under biletet)

Premierefest for klart eg kan

INTERVJU: Hanna Breilid og Lukas Endal Andersson blir intervjua av NRK-journalist Asgeir Reksnes. Med på biletet er også Kjellrun Lavik (t.v.) og Eva Westvik.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg prøvar å få fram kor utruleg modige born er. Det å vekse opp handlar om å bli utfordra i kvardagen, så desse ungane blir støtt og stadig sett på prøvar og må seie til seg sjølve at klart eg kan, seier Westvik.

– Vaksne har mykje å lære

– Ungane tek mange utfordringar på strak arm, og der har vi vaksne veldig mykje å lære. Vi kan velje når vi vil gjere noko nytt, og dei fleste av oss er stort sett i komfortsona, held ho fram.

I alt 13 born er med i den andre sesongen av serien. Westvik fortel om Hanna Breilid som klatrar 18 meter opp i veggen, om Leon Silden Tytingvåg som vil bli skipper når han blir stor, om ei jente som køyrer gokart og om gutane som drøymer om å bli brannmenn.

– Det er veldig mykje ulikt, og mykje som skjer, fortel ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sesong 2 av Klart eg kan hadde premierefest på Eid i dag. Sjå regissør Eva Westvik snakke om serien og medvirkande Malin Eikenes Tjellaug.

SJÅ VIDEO: Sesong 2 av «Klart eg kan» hadde premierefest på Eid fredag. Sjå regissør Eva Westvik og medverkande Malin Eikenes Tjellaug snakke om serien. (Foto: Ole Andre Rekkedal)

Blir radioprogram

Lavik fortel at dei allereie er i sving med å finne born til ein tredje sesong av «Klart eg kan». I tillegg blir det laga radioversjon av episodane. Desse skal gå i NRK Super sitt radioprogram, «Superblokka».

– Dei som bestemmer, meiner at vi skal lage meir. I år skal vi gjere opptak til sesong tre om born som har eit prosjekt dei vil gjennomføre eller som opplever noko for første gang i 2013, seier ho.

– Vi har funne ein del born som vi ynskjer å lage program om, men framleis treng vi fleire tips, avsluttar Lavik.