NRK Meny
Normal

Her kjem 700 studentar for å sjå kven som er den beste studentidrettsutøvaren

I oktober skal Sogndal arrangere Studentlekene for første gang og studentar frå heile landet kjem for å delta.

Sogndal

UTFORDRING: Når 700 studentar kjem til Sogndal for å konkurrerer i kven som er best i idrett kan det by på utfordringar med innlosjering.

– Dette arrangementet er stort for Sogndal og det er berre tre norske storbyar som har arrangert det før, seier Sonde Hjartnes Åsbø, som er leiar for informasjon og PR for Studentlekene i Sogndal.

Frå 11. til 15. oktober 2017 vil om lag 700 studentar frå heile landet kome til bygda i Sogn for å måle krefter i ei rekkje idrettar. Då Bergen tok i mot nesten 2000 studentar til Studentlekene i 2016 vart det konkurrert i alt frå friidrett til symjing og lagidrettar.

Har kontroll på overnatting

Sonde Hjartnes Åsbø

KLAR: Sonde Hjartnes Åsbø er leiar for informasjon og PR for Studentlekene i Sogndal.

Foto: Privat

Når om lag 700 studentar kjem til ei bygd med under 4000 innbyggjarar kan det by på utfordringar med innlosjering av alle.

– Overnatting har vi alt fått på plass. Den vil skje på Sogndal vidaregåande skule, seier Åsbø.

Det var studentidrettslaget Studentspretten som stod bak søknaden om å få arrangera leikane i Sogndal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.