NRK Meny
Normal

Her kjem 58 tonn mølle på plass

Transporten av den gigantiske vindmølla var rekna til å ta tre timar - men var unnagjort på halvparten av tida.

Vindmølletransport

GIGANTISK: Med eit heile 29 meter langt element på lasteplanet, var det krevjande å transportere vindmøllene frå Måløy til Mehuken.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Transport av vindmøller

KLART: Her ligg vindmøllene klare for transport.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK
Transport av vindmølle

KLARING: Her er det ikkje mykje å gå på frå hushjørnet...

Foto: Bjarne Eldevik / NRK
Transport av vindmølle

BERRE SÅ VIDT: Det er snakk om millimeterpresisjon.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK
Vindmølle til Mehuken 2

TRONGT: Her skal ein vere ein god sjåfør...

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

I samband med utvidinga av Mehuken vindpark i Vågsøy starta måndag transporten av dei tre første vindmøllene frå Måløy.

Med politieskorte gjekk transporten heile vegen fram til Mehuken.

Kolonna betod av tre spesialbilar frå Spesialtransport i Oslo, og den største totalvekta på den eine bilen var på heile 58 tonn. Det største tårnfundamentet utgjorde ei breidde på 5,20 meter og ei lengde på 29 meter - alt lasta opp på gigantiske lastebilar.

Der bilane passerte huset og fjøsen på Kvalheim var det kun 5 centimeters klaring på kvar side, opplyser transportansvarleg.

Fleire stader måtte politiet stanse trafikken, og før transporten var vegen utbetra på fem plassar. Mellom anna måtte Vegvesenet fjerne nokre av friskluftsviftene i Skåratunellen mellom Måløy og Raudeberg.

I alt skal ein transportere åtte nye vindmøller til Mehuken 2. For politiet betyr det 20-30 eskorteturar, opplyser lensmann Thormod Hvattum i Vågsøy.