Hopp til innhold

Ber UDI og Norsk Mottaksdrift på snarleg informasjonsmøte

I midten av november kjem 40 asylsøkjarar til Innvik, Utvik og Stryn sentrum. – I dag fekk vi geografisk plassering, men ikkje bygningar som skal nyttast, seier ordførar Sven Flo (H).

Sven Flo

TRENG INFO: Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), fekk i dag vite kvar dei 40 første asylsøkjarane som kjem til kommunen skal busetjast.

Foto: Bård Siem / NRK

For stryneordføraren har behov for meir informasjon. Både på vegner av seg sjølv, og ikkje minst innbyggjarane i Innvik, Utvik og Stryn sentrum.

Asylsøkjarane kjem i fire puljar fram til 1. januar 2016.

– Det er kort frist til midten av november og informasjonsbehovet er veldig stort. Eg føler i stor grad på det som ordførar, men ein kan berre tenkje seg innbyggjarane i dei enkelte grendene som skal ta i mot og ha eit godt forhold til dei som kjem, seier Sven Flo (H).

Snarleg møte

Ordføraren har i lengre tid etterlyst informasjon frå Norsk Mottaksdrift, som har gjort avtale om å etablere mottak for 150 asylsøkjarar i kommunen. Dei har også opsjon på ytterlegare 60 plassar.

I dag fekk han melding om den geografiske plasseringa på dei 40 første, som kjem i midten av november. Flo ber om snarlege informasjonsmøte.

– Vi ber UDI og Norsk Mottaksdrift om å komme til Stryn for å orientere bygdelaga der det skal etablerast, kva dei planlegg og korleis dei har tenkt å løyse drifta. Dette er avgjerande for at vi skal lukkast på ein god måte, seier Flo.

Kommunen riggar seg

Kommunen treng informasjon for å førebu eventuelle barnehageplassar, skuleplassar, helse, språkopplæring og transport.

– Vi må rigge oss i høve til den organisasjonen vi har i kommunen i dag, seier han.

– Veit du noko om kva bygningar som skal huse asylsøkjarane?

– Vi er kjende med at det er noko tom bygningsmasse, spesielt i Innvik. Då vi vart utfordra for halvanna til to år sidan i høve til ei etablering då, vart det snakk om den gamle landbruksskulen Langvin.

Står fast på kritikk

– Den står framleis tom, så, utan at eg har noko informasjon om det, så tenkjer eg at det kan vere ein av fleire bygningar. Utvik er eg veldig usikker på kva dei snakkar om og i Stryn sentrum veit eg ikkje kva som er ledig, legg han til.

Flo står fast på kritikken han tidlegare har retta om informasjonsflyten. Norsk Mottaksdrift har tidlegare avvist kritikken.

– Folk som vil leige ut bygg til har blitt utsette for press frå personar som ikkje ønskjer mottak. Vi ønskjer ikkje at utleigarane skal bli utsette for den type press, sa deleigar og dagleg leiar, Per Lykstad, for få dagar sidan.