Hopp til innhold

Usikkert om ho kunne springe igjen - sette seg mål og kasta seg utfor

Etter eit stygt fall heime på kjøkkenet var det usikkert om Liv Judith Straume ville kunne springe på foten igjen. Men 50-åringen sette seg eit mål og etter knallhard jobbing vart premien ein flygetur ho aldri vil gløyme.

For snart eit år sidan ramla Liv Judidt Straume og øydela det eine kneet. Lenge var det usikkert om ho ville kunne klare å springe igjen. Ho sette seg eit mål om at ho minst skulle klare å springe ti meter, og som ein test og premie kunne ho kaste seg utfor eit av fjella heime i Førde.

FLYGETUR: Sjå video av flygeturen til Liv Judith Straume. Ho kastar seg utfor Hafstadfjellet i Førde, 706 meter over havet.

– Det var berre heilt fantastisk, jublar ho etter den luftige flygeturen.

Frå 700 meters høgde kasta ho seg ut i lufta og viste dermed at time etter time med trening var vel verdt det. For det er ikkje mange månader sidan det var heilt utenkjeleg at Førde-kvinna skulle klare å ta av frå fjellet.

– Eg er frykteleg sta, så eg tenkte at eg måtte berre klare dette, seier Straume.

Ramla på kjøkkenet

I august forandra livet seg brått for den spreke 50-åringen. Ho skulle ha ned noko frå eit kjøkkenskap og steig opp på ein kjøkkenkrakk. Det gjekk gale.

– Det er ein veldig banal og dum skade, som eg fekk fordi eg ikkje henta gardintrappa. Eg trudde først det ikkje var så gale, men det var ein stor skade, seier Straume.

Etter operasjonen følgde månadsvis med krykkjer. Legane sa det var usikkert om ho nokon gong ville kunne få full rørsle i kneet igjen. Det å kunne springe var heller ikkje sjølvsagt. Men Straume er ikkje av typen som set seg ned og berre godtek slike framtidsutsikter.

Vart nesten treft av bil

Det som nesten var ei nær døden oppleving sette for alvor fart på kvinna.

– Eg var i ferd med å krysse eit fotgjengarfelt då eg ser at det kjem ein bil, og den kjem ikkje til å stogge.

Hjernen min ville at eg skulle springe for å komme meg vekk, men kroppen min ville ikkje gjere det. Det var ei utruleg ubehageleg oppleving.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Judith Straume

SMS: Før ho skulle kaste seg utfor sendte Straume tekstmeldingar til mellom anna fysioterapeuten sin. – No må du følgje med, skreiv eg.

Foto: Privat

Ti meter vart målet

Ho skulle klare å springe igjen. Det målet har stått krystallklart sidan. Straume seier det ikkje har vore snakk om at ho skal bli nokon joggar, og at ho aldri kan bli det heller.

– Men det å springe ti meter, det har eg sagt at eg skal klare, seier Straume.

At det vart akkurat i meter er ikkje tilfeldig. Trening time etter time, dag etter dag, på den same enkle oppgåva er ikkje alltid like motiverande. Nettopp difor valde 50-åringen å setje seg eit mål – men samtidig vart målet nesten som ein premie.

– Eg visste at for å skulle kunne vere med på eit tandemhopp med paraglider så måtte eg klare å springe ca ti meter. Så då tenkte eg at det skal eg klare, og då blir hoppet premien, forklarar Straume.

Dobbel utfordring

I fleire månader har ho jobba intenst for å gjere kneet sterkt nok. Sjølv om det gjer ilt kvar einaste dag og det er tøffe timar med trening, har målsetninga og premien vore ei gulrot som har gjort at ho har heldt ut.

Fredag ettermiddag skulle ho sjå om ho hadde klart det.

– Eg har sagt det til folk på jobb, til vener og på Facebook, så eg måtte jo berre klare det. Men fysioterapeuten min sa det til meg, at det er mange som lager seg grenser for kva dei kan og ikkje på grunn av ein skade, og det ville eg ikkje.

– Det som også er ei utfordring for meg er jo at eg har litt høgdeskrekk, flirer Straume.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Judith Straume

TI METER: Her er Liv Judith Straume i ferd med å vise for seg sjølv at ho faktisk klarar å springe ti meter.

Foto: privat

– Eg kraup bortover

Vel oppe på Hafstadfjellet i Førde byrjar nervane å kome. Berre det å kome seg bort til sjølve take off området er ikkje ei enkel sak når ein har eit kne som mildt sagt er kranglete.

– Eg har ikkje gått så mykje i ulendt terreng, og då mest med stavar, men dei hadde eg ikkje med. Så det var til at eg sklei litt på rumpa, brukte armane og kraup bortover, ler Straume.

Men ho klarte det. Vel borte får ho på seg utstyret og veit at det er no ho skal få testa om alt arbeidet har vore til nytte.

– Vips, så var vi i lufta

Med ein sterk kar bak seg er ho i trygge hender, men likevel er det viktig at ho sjølv klarar å springe dei vel ti meterane får dei skal lette.

– Eg greidde det vel til ein viss grad og vips, så var vi i lufta.

– Det var berre heilt fantastisk. Eg klamra meg fast heile turen og var heilspent i kroppen, men for ein oppleving.

Etter å ha planta både den friske og den skadde foten trygt på bakken vart ho møtt av venner og kjente med gratulasjonar og champagne. Sjølv er ho stolt over eigen prestasjon, og håpar at også andre vil la seg motivere.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utsikt frå tandemhopp over Førde

UTSIKT: Det var ingenting å seie på utsikta frå lufta.

Foto: privat

Håpar ho kan motivere andre

– Kanskje andre som også har ein skade som gjer at dei brukar dag ut og dag inn på trene seg opp, kan sjå at det nyttar.

– Det nyttar å bruke tida si til å jobbe intenst, vere villige til å jobbe hardt. Då blir det resultat. Ein må setje seg mål og gje seg sjølv ein premie.

For ho var det akkurat det som nytta, og no jobbar ho allereie mot sitt neste mål. Det er å klare å gå opp den nye Bystien, ein stupbratt sti frå sentrum av Førde og opp til det same fjellet som ho kasta seg utfor.

– Eg er sta, så eg skal klare det også, smiler ho.