Hopp til innhold

Her kastar Anders seg ut i fritt fall

LILLEHAMMER (NRK.no): Anders Fannemel har hoppa 50 gongar i fallskjerm berre i sommar. Det skal vere med og ta nordfjordingen endå nokre steg mot den ypperste verdseliten i skihopping.

Anders Fannemel i fritt fall

FRITT FALL: Anders Fannemel i fritt fall i sommar. Han meiner røynsle frå hopping i fallskjern kan gjere han betre i skihopping.

Foto: Privat

– Eg trur fallskjermhoppinga kan vere med og hjelpe meg både i svevet og reint mentalt, seier Anders Fannemel.

Han førebur seg til nok ein sesong på det norske landslaget i skihopping, og ser framover mot store høgdepunkt som hoppveka, VM i Falun og fleire skiflygingsrenn i monsterbakkane.

Det kan komme godt med å vere mentalt sterk.

Og: Fannemel trur ferdigheiter frå fallskjermhopping kan komme godt med også i svevet. Han tenkjer tilbake til Holmenkollrennet sist sesong, der han heldt på å tippe rundt.

For den som følgde med, såg det stygt ut. Men Fannemel greidde på mirakuløst vis å hente seg inn igjen - og ramla langt «finare» enn det først såg ut.

– Eg greidde eigentleg å skaffe meg god kontroll, sjølv om den eine skia stod rett ned - og eg fekk ein rotasjon. Kanskje har eg lært noko av å hoppe ut av fly så mange gongar, seier 23-åringen.

(Artikkelen held fram under videoen)

SJÅ FANNEMEL SITT DRAMATISKE FALL I HOLMENKOLLEN:

Anders Fannemel falt under dagens hopp kvalik i verdenscupen

TOK SEG INN: Anders Fannemel sitt fall i Holmenkollen kunne fort ha blitt stygt. Men skihopparen tok seg raskt inn og gjekk i bakken på ein relativt fin måte.

Blir betre hoppar i lufta og i hovudet

Sidan han kom med på landslaget i 2012, har nordfjordingen drive med fallskjermhopping. I sommar vart det heile 50 hopp - og totalt er han no oppe i nøyaktig 100 hopp.

– Eg gjer det mest fordi eg synest det er moro. Det er ein hobby for meg, seier Fannemel.

Dei første hoppa fekk han gratis av forbundet, då landslagshopparane vart oppmoda om å drive fallskjermhopping for å lære seg betre å flyge.

– Eg trur nok eg får betre luftkoordinasjon av å hoppe i fallskjerm. Og så gjer det meg nok sterkare reint mentalt. Det er viktig å kunne halde hovudet kaldt under press og gjere dei rette tinga. Det er overførbart til å sitje på toppen av bakken i Vikersund, meiner Fannemel.

– Eg føler han har fått meir sjølvtillit i bakken på grunn av fallskjermhoppinga. Han har meir forståing for aerodynamikk, korleis han kan forme kroppen optimalt til å oppretthalde fart og samstundes ha nok løft. Det er lett å sjå at han har mange minutt i frtt fall, seier landslagstrenar Alexander Stöckl.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Fannemel trener på balansepute

BALANSE: Anders Fannemel trenar nedslag på balansepute i Håkonshall på Lillehammer.

Foto: Rune Fossum / NRK

Er betre fysisk førebudd enn nokon gong

Sist sesong vart ein god sesong for skihopparen frå Hornindal. Etter årsskiftet var han med og kjempa i toppen i mange renn, og det heile toppa seg med femteplassen i OL.

– Det var fint at det klaffa i OL. Det vart jo ikkje medalje, sjølv om det kunne ha blitt sølv med litt flaks, seier Fannemel - som sist sesong var Norges nest beste hoppar bak Anders Bardal..

Som i fjor har han også i sommar og haust opplevd framgang på alle viktige testar etter grunntreninga. Det betyr at han ligg godt an framfor ein ny sesong. Faktisk betre enn nokon gong.

Landslagstrenaren håpar nordfjordingen stabiliserer seg på eit høgt nivå. Han meiner eleven har hatt stor framgang gjennom sommaren.

– Potensialet hans er veldig høgt. Eg håpar at han kan kjempe konstant om topp ti-plasseringar i verdscupen, og kanskje komme høgare i blant. Det trur eg er fullt mogleg, seier Stöckl og legg til:

– Eg trur han gler seg til skiflyging, der han har verdas nest lengste hopp. Så får vi sjå om kan hoppe endå lenger i år.

– Han har potensiale til det?

– Ja, absolutt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Fannemel hoppar ut av flyet

UT AV FLYET: Her har Anders Fannemel akkurat hoppa ut av flyet og er i fritt fall.

Foto: Privat

Var berre 0,1 poeng unna siger

Samstundes er det hardare konkurranse om plassane på verdscuplaget enn på lenge.

– Vi er mange om beinet no, men eg håpar å få vere med på dei store høgdepunkta i vinter. Eg har sett meg som mål å kjempe om topp ti-plasseringar i alle verdscuprenn, og så er det VM og skiflyging i Kulm, Vikersund og Planica, seier Fannemel.

Og så er det éin ting som framleis er ein stor draum for nordfjordingen...

– Det er framleis bittert å tenkje på at eg berre var 0,1 poeng unna ein verdscupsiger på Lillehammer for nokre år sidan. Det hadde vore fantastisk om eg hadde teke min første siger her, seier Fannemel.

Anders Fannemel smiler utanfor Håkonshall
Foto: Rune Fossum / NRK