Hopp til innhold

Her kan det vere ein god idé å ha med seg kaffi

I ettermiddag startar rassikringsarbeidet ved Skjærsura mellom Vassenden og Skei i Jølster. E39 blir periodevis stengd dei neste tre vekene.

Rassikrar Skjersura i Jølster.

DISKUTERER: Onsdag startar arbeidet med å sikre bilistane mot ras ved Skjærsura i Jølster.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

I fjellsida over E39 skal ei strekkje på eit par hundre meter reinskast og boltast. Høgste punkt i arbeidet blir 400 meter over vegbana.

Skule Jacobsen

LEIAR: Skule Jakobsen.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Trafikken blir følgjeleg påverka av arbeidet og busstidene kan vere ein god idé å ha i hovudet om ventetida skal bli kortast mogeleg . For den smale omkøyringsvegen på sørsida av Jølstravatnet er ikkje det beste alternativet.

– Eg håpar bilistane slakkar av litt, og finn roa her framfor å køyre sørsida og lage mykje krøll der. Dei kan godt ta med seg litt kaffi og kose seg, og nyte naturen. Det er fint på Jølster, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Skule Jakobsen.

Berre tunnel er godt nok

Skjærsura har vore eit utsett raspunkt dei siste åra. Ein rapport viser fleire raspunkt og det skal ligge blokker på kring 26 tonn i fjellsida aust for Ålhus.

Statens vegvesen slår i rapporten fast at berre tunnel vil vere ei fullgod løysing .

Skjersura

KJENT: Skjærsura mellom Vassenden og Skei i Jølster er eit kjent raspunkt.

Foto: Skule Jakobsen

– Rapporten seier veldig klart og tydeleg risikoen for steinsprang og utspring av steinmassar. Ras i området er såpass yppig at det er til stor fare for dei vegfarande. Og dette er ein veg med snart 3000 køyretøy i døgnet, og den er ein av dei mest trafikkerte vegane vi har i fylket, sa ordførar Oddmund Klakegg (Sp) då rapporten vart kjend.

Følgjer bussane

Medan etaten jobbar med planar om å legge vegen i tunnel, blir sikringsarbeidet no utført som ei mellombels løysing. E39 blir stengd i inntil ein time mellom klokka 07 og 18. Arbeidarane har lunsjpause frå klokka 12 til 13. Dette gjeld også laurdagar.

Informasjonsskilt blir sett opp ved Kjøsnes, Skei, Vassenden og Moskog. Jakobsen rår dei som har høve til det, å legge køyretida nærmast mogleg opp til bussen. Då blir ventetida minimal.

– Det er dei vi tek mest omsyn til. Alternativet er sørsida, som blir open for bilar opp til 7,5 tonn, seier han.

Naudsynt å stengje

Jakobsen er ikkje i tvil om at det er naudsynt å reinske fjellsida for stein. Og då må stamvegen stengje.

– Det har tidlegare gått steinsprang, og når vi no byrjar å reinske så risikerer vi at det kjem stein heilt ned i vegen og gjerne over. Difor må vi stengje. Det er tryggast for alle, seier han og trur det er noko bilistane tykkjer er heilt greitt.

– Det kan jo bli tryggare å køyre her, seier han.