Hopp til innhold

Her kan over hundre miste jobben

I dag fekk dei tilsette den tunge meldinga. Saga Fjordbase i Florø skal kvitte seg med over hundre tilsette i løpet av året.

Fjord Base - Statoil
Foto: Ottar Starheim / NRK

Tapte kontraktar, nedgangstider i oljebransjen og omleggingar i Statoil er nokre av årsakene til dei store omleggingane verksemda no må i gjennom.

– Vi orienterte dei tilsette om situasjonen slik vi ser han framover dei neste to åra. Vi ser at den omstillinga mange andre bedrifter har tatt, den har no kome til Florø, seier konserndirektør Geir Johannessen.

Har tapt viktige kontraktar

Konkret betyr det at godt over hundre personar no må finne seg ein ny jobb. Saga Fjordbase sysselset i dag 180–190 personar. I løpet av 2015 vil det talet bli redusert til 60–70.

– I og med at vi tapte to kontraktar til Vestbase, samt at ein del av boreaktiviteten utanfor kysten omtrent vil forsvinne i siste halvår av i år og neste år, så vil dette føre til eit betydeleg overtal av tilsette i bedrifta, seier Johannessen.

I ei pressemelding skriv konsernsjefen at dei no vil jobbe for å avgrense talet personar som må forlate verksemda.

Mange vil få jobb hjå konkurrenten

For mange av dei tilsette blir løysinga å gå over til konkurrenten Vestbase frå Kristiansund, som no altså vil ta over ein del av verksemda Saga Fjordbase i dag har i Florø.

Likevel vil omlegginga i selskapet ramme hardt.

– Det er det ikkje tvil om. For denne omstillinga kjem ikkje berre av at to kontraktar har gått over til ein annan aktør, det kjem også av ein generell aktivitetsnedgang i bransjen, seier Johannessen.