NRK Meny
Normal

Her kan flyktningane kome til å bu

Nær 100 moglege stadar er lokalisert for innkvartering av asylsøkjarar i Sogn og Fjordane.

Laster kart, vennligst vent...

SJEKK: I desse kommunane er det identifisert ledige lokale som kan nyttast som innkvartering av asylsøkjarar.

På oppmoding frå Fylkesmannen har alle kommunane i fylket gitt tilbakemelding på bygningar det kan vere mogleg å innkvartere flyktningar. Bakgrunnen er den auka tilstrøyminga av asylsøkjarar til Norge.

Oversikta inneheld alle stader det kan vere aktuelt å vurdere, men dei er ikkje kvalitetssikra med tanke på om dei faktisk er eigna til asylmottak. På oversikta finst både hotell, pensjonat, ombygde skular, barnehagar, sjukehus og brakkeriggar.

  • Sjå: Heile oversikta nedst i saka

Best i klassen er kommunane Vågsøy, Aurland og Sogndal som har funne høvevis 17, 12 og 10 alternativ kvar. Medan verken Gloppen, Stryn, Vik eller Årdal har greidd å liste opp eit einaste eitt.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand sa tidlegare i veka at responsen frå kommunane har vore overveldande.

– Den kan ikkje karakteriserast som noko anna enn veldig positiv, nær sagt overveldande, sa han.

Det er UDI som til slutt skal bestemme kva alternativ som kan takast i bruk, i dialog med dei involverte instansane og kommunane.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast