Hopp til innhold

Sommaren er like rundt hjørnet, men her har årets skiløyper akkurat blitt klare

Medan nokre har begynt å planleggje bikinisesongen, er skisesongen for alvor i gong på Vikafjellet.

Vikefjellet sommarski

FERSKE LØYPER: På Vikafjellet er årets skiløyper klare.

Foto: Bjørn Tore Årevik

– Vi har køyrt opp 6,8 kilometer løype både klassisk og fristil. Det er mykje snø så vi håpar at vi kan halde sesongen til langt ut i juni. I beste fall langt ut i juli, fortel Bjørn Tore Årevik, leiar i Vik aktiv som driv Vik sommarskisenter.

Med vårblomar på alle kantar og temperaturar som skrik sommar, er det ikkje skiturar dei fleste tenkjer på.

Men Vikafjellet vart skiløypene klare førre helg. Her er det framleis mykje snø, og Årevik lovar fine forhold utover sommaren.

Håpar på lengre sesong

– Det er mykje meir snø i år enn i fjor. Det er litt mindre snø på toppane, men i dalane er det enormt mykje meir snø, seier Årevik.

På grunn av vinden som har vore på fjellet i år har nemleg snøen på toppane blåse vekk og lagt seg ned i dei djupaste dalane.

– Så der vi har løypa vår er det rikeleg med snø.

Medan skisesongen har vore øydelagt fleire plassar på grunn av snømangel i år, er det først no du kan spenne på deg skia på Vikafjellet.

Ski på Vikafjellet

SKITUR: Sommaren nærmar seg, men på Vikafjellet kan du halde på vinteren litt til. På bilete testar Marielle Holen Årevik løypene.

Foto: Bjørn Tore Årevik

I fjor var det mindre snø på Vikafjellet enn i år, og då var det folk å sjå i skisporet heilt fram til månadsskiftet juni/juli.

– I år håpar vi at det skal vare enda lenger. Men det er jo klart vêret framover som bestemmer det. Dersom det er kaldt om natta slik det er no, så minkar ikkje snøen så fort. Og det er jo positivt for oss, seier Årevik.

Fleire folk i løypa

Med vår og nesten sommar i lufta, skulle ein tru at dei fleste for lengst var ferdig med å tenkje på ski og snø. Men Årevik kan fortelje at det mange som har teke turen til sommarskisenteret allereie.

– Denne helga har det vore veldig bra. Det er ein del lag som har treningssamlingar, og stadig fleire brukar løypene, seier han.

Spesielt ser Årevik ei auke i talet privatfolk som kjem.

– Vi har plass til alle. Løypa er brei og fin, så det er berre å ta med skia og komme til Vik, oppfordrar Årevik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sommarskiløyper på Vikafjellet

SPENN PÅ SKIA: Medan snøen har mangla fleire stader i år, har Vikafjellet meir enn nok til å vare langt utover sommaren.

Foto: Bjørn Tore Årevik

Ventar landslag

Medan det har vore dårleg med snø i heile vinter og avlyste renn på grunn av snømangel, håpar Årevik at mange av dei som har sakna vinteren kjem for å ta seg nokre økter på Vikafjellet.

– Den snøen som mangla nede på skisentera og nede i låglandet, den ser det nesten ut til at vi har fått på Vikafjellet, ler Årevik.

No ventar dei det norske skilandslaget til løypene sine. I fjor var Italia sine skiløparar på Vikafjellet og kjem kanskje tilbake i år og.

– No køyrer vi så lenge det er snø, og når den er vekke så kan vi ikkje gjere så mykje meir enn å vente på vinteren att, seier Årevik.