Hopp til innhold

Her kan du sove i ein iglo som ligg 765 meter over havet

Med høge fjelltoppar og naturen som einaste nabo kan du no vakne opp i ein iglo på fjelltoppen Gygra.

Iglo på Gygra i Jølster, med utsikt over Vassenden.

PLASS TIL FEM: Fem personar kan overnatte i igloen som ligg i Jølster kommune, men då bør dei helst ikkje ha med så mykje bagasje, meiner Johnny Årdal.

Foto: Privatfoto

– Det var veldig flott å overnatte i igloen med stjernehimmelen over oss. Den er som eit lukka og fredeleg rom, seier den eine byggmeisteren, Johnny Årdal.

Etter fleire timar med hardt arbeid over to dagar, fekk gjengen bak påfunnet verkeleg løn for strevet. Det var Firda som først omtalte saka.

Igloen finn du 765 moh. på veg opp Tindefjellet i Jølster kommune. 15 cm tjukke vegger gjer at ein ligg lunt inne, medan vinden ular ute. No oppmodar byggherrane andre til å nytte seg av den uvanlege overnattingsplassen.

– Det er verkeleg ei oppleving å sove i ei snøhole eller ein iglo. Eg tenker at dette er noko andre bør nytte seg av, så det er berre moro om det blir ein attraksjon, seier Årdal.

Slik feira dei på fjellet

SJÅ VIDEO AV FEIRINGA: Her kan du sjå korleis Johnny Årdal, Eirik Sørheim og Øyvind Gjesdal feira ferdigstilling av igloen.

– Du får verkeleg testa tolmodet

Trur du det er lett å bygge ein iglo, så må du tru om att, meiner Årdal.

– Du får verkeleg testa tolmodet. Dei første ringane går greitt, men halvvegs opp når det skal gå innover, så er det små marginar. Då må ein berre prøve igjen, pakke godt og vere forsiktig, seier han.

Det er langt frå første gongen Årdal bygger iglo saman med Eirik Sørheim og Øyvind Gjesdal. Denne gongen ville dei prøve noko meir ekstremt.

– For ein fem-seks år sidan høyrde vi at det var mogleg å kjøpe ein iglobyggar, og sidan det har vi bygd nokre igloar i låglandet. Vi tenkte det hadde vore moro å bygge ein eller fleire igloar på skifjella i Jølster, fortel Årdal.

Kor lenge trur du igloen vert ståande?

– Det er det vêret som styrar. Frå tidlegare veit vi at den toler litt mildvêr og regn, men ikkje 10 plussgrader og pøsande regn i eit døgn.