Hopp til innhold

Her kan du smake på bøkene

FØRDE (NRK) I utstillinga «Smak av bok» på Sogn og Fjordane Kunstmuseum vert forholdet til bøker presentert av 10 kunstnarar. Den vågale kan også ta ein bit av enkelte kunstverk.

Den store metaforboka, eit av dei utstilte verka ved Sogn og Fjordane kunstmuseum.

DEN STORE METAFORBOKA: Eit verk produsert av kunstnaren, Randi Annie Strand, som heng i tynne strenger frå taket.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Det går heilt fint å ete papir, seier kunstnaren Rita Marhaug. Ho er ein av utstillarane i «Smak av bok». Ei utstilling som vart opna av biblioteksjefen i Førde, Jorun Systad, 21. januar på Sogn og Fjordane kunstmuseum.

På den kvite veggen heng 30 små teikningar produsert av kunstnaren Kurt Johannesen. Desse er til sals, men må etast på staden.

Prisen på teikningane står skriven på bordet rett under. Den er på svimlande 300 kroner, men du slepp å ete arket bart. Det føl med ein kanapé.

– Barn smakar ofte på bøker. Vi får stadig igjen bøker frå dei minste barna med bitemerker. Det er ikkje like vanleg blant vaksne, seier biblioteksjefen i Førde, Jorun Systad, og ler.

Valet av teikning fall på ein sjiraff og eit nashorn.

SKAL SMAKE PÅ TEIKNINGAR: For biblioteksjefen i Førde, Jorun Systad, fall valet på ein sjiraff, medan Einar Røkland drøymde seg tilbake til ferieturen i Afrika og gjekk for eit nashorn.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Alle har eit forhold til bøker

Boka er eit objekt i seg sjølv og kan sansast, og i nokon tilfelle etast.

I utstillinga tematiserer kunstnarane boka sine eigenskapar ut over det å formidle tekstleg innhald. Dei har arbeidd fram verk som vektlegg boka sine sanselege og fysiske moglegheiter.

Sjølv om ein kanskje ikkje alltid skjønar kva som står i ei bok, er boka i seg sjølv eit handgripeleg objekt. Du kan halde boka i handa og bla i den.

Så lenge det ikkje står noko anna, kan publikum ta på kunstverka.

Rita Marhaug
Kunstnaren Imi Maufe sine knekkebrødbøker

KNEKKEBRØDBØKER: Publikum vert oppmoda om å smake på kunstnaren, Imi Maufe, sine knekkebrødbøker.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Kunstverka som vekker sanseapparatet

– Vi i kunstnargruppa vart einige på eit tidleg tidspunkt om at folk skulle få røre kunstverka, seier Rita Marhaug.

Utstillinga byr på vidt forskjellige verk. Der er blant anna bokrullar må rullast ut for å sjå kva som står skrive, du kan sjå deg sjølv i ein spegel gjennom biletet av ei fluge og bla i bøker av ulike stoff.

Den originale kopien

DEN ORIGINALE KOPIEN: Kunstnaren Dino Dikic demonstrerer korleis ein lagar sitt eige hefte ved hjelp av kopimaskina.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Den originale kopien

Fleire av verka i utstillinga tematiserer også boka si historiske utvikling ved hjelp av ny og gamal teknologi.

– Vil du lage din eigen originale kopi? Spør Dino Dikic.

I han sitt prosjekt har publikum høve til å lage eigne bøker/hefte ved hjelp av ei kopimaskin.

– Eg har også laga ein plakat med instruksjon for korleis ein lagar sine eigne originale kopiar, seier Dikic og peikar mot veggen. Bak kopimaskina heng ein plakat i svart/kvitt og fortel deg prosessen steg for steg.

Dermed kan besøkjande heilt fram til siste dagen av utstillinga, som varar fram til 19. mars, får mogelegheita til prøve seg på kopimaskina.

Rita Marhaug og Hanne Henningsen

Rita Marhaug og Hanne Henningsen på opninga av utstillinga.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Inspirert av bibelen

– Inspirasjonen til tittelen på utstillinga «Smak av bok» er henta frå Esekiel si bok i bibelen, seier Rita Marhaug. Ho les eit utdrag der Esekiel et ein bokrull fylt med klagesongar.

Menneske, mett din mage og fyll dine innvoller med denne rullen som jeg gir deg. Da spiste jeg den, og den smakte søtt som honning.

Rita Marhaug les frå Esekiel si bok i bibelen, kapittel 3.
Publikum ved opninga

Nokre av dei 56 som deltok ved opninga. Utstillinga vert ståande til 19. mars.