Hopp til innhold

Her kan du sjekke yrkesbakgrunnen deira

Nesten halvparten av ordførarane i Sogn og Fjordane har vore tilsette i det offentlege før dei vart ordførarar. Berre fem var private næringsdrivande. Sjekk heile oversikta nedst i saka.

Dette er yrkesbakgrunnen til ordførarane

VARIERT BAKGRUNN: Advokaten Olve Grotle, utviklingsleiaren Kristin Maurstad, læraren Frida Melvær og målaren Ola Teigen greidde alle å komme til makta i sine kommunar. Sjekk den fullstendige lista nedst i saka.

Foto: Montasje / NRK

Mellom dei næringsdrivande er Ola Teigen, den nye ordføraren i Flora. Han driv eit målarfirma som han må ofra for å ta på seg vervet.

– Eg er berre meg sjølv, så firmaet må leggast ned i den perioden eg skal vere ordførar, seier han.

Flest frå det offentlege

Av dei 26 ordførarane i Sogn og Fjordane kjem 12 frå stillingar i det offentlege, tre av dei er lærarar. Tre er bønder, fem er sjølvstendig næringsdrivande, og seks kjem frå stillingar i det private næringslivet.

For Ola Teigen var det ikkje eit vanskeleg val å ta på seg ordførarvervet i Flora, sjølv om han må legge ned firmaet sitt.

Gunn Åmdal Mongstad

REKTOREN: Gunn Åmdal Mongstad tek til på si andre runde som ordførar etter eit opphald på fire år.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er spanande å gjere noko nytt. Eg har vel uansett tenkt ei stund at det var på tide, seier Teigen.

– Trur du det er mange næringsdrivande unngår politikken fordi dei ser det blir vanskeleg?

– Har du mange tilsette og driv eit større firma enn eg gjer, så er det nok komplisert. Mange vil nok tenke seg om to gonger, seier Teigen.

Tungt å vere vekke frå jobben

Gunn Åmdal Mongstad er for andre gong vald til ordførar i Solund, sist sat ho i åtte år frå 2003 til 2011. Ho er mellom dei 12 med bakgrunn frå offentleg sektor, ho er lærar og har dei siste åra vore konstituert rektor. For ho gjekk overgangen greitt for fire år sidan.

– Det å kome tilbake til skulen gjekk veldig greitt. Men eg hadde vore ute i åtte år, så det var ein del ting eg måtte oppdatere meg på.

Olve Grotle

ADVOKATEN: Høgre gjorde ikkje det beste valet i Førde, men Olve Grotle fekk likevel støtte til fire nye år.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Ordførarane tener ein del meir enn dei aller fleste offentlege tilsette, her i Sogn og Fjordane mellom 665 000 og ein million kroner i året.

Ordføraren i Førde, Olve Grotle, ville ha tent meir som advokat, men valde likevel ordførarvervet i fire år til.

– Når du har hatt fire år og arbeidd med ein god del saker, har du lyst til å ta dei i mål, seier Grotle.

Her er yrkesbakgrunnen til alle ordførarane:

  • Askvoll: Frida Melvær (H) - Har sete fire år som ordførar, åtte år i kommunestyret - lærar av yrke.
  • Aurland: Noralv Distad (H) - Har sete som ordførar i fire år, i kommunestyret frå 1999, også medlem i fylkestinget i tre periodar, tidl. reiselivssjef i Aurland.
  • Balestrand: Harald Offerdal (Ap) - ordførar i fire år, varaordførar 2007-2011, i kommunestyret frå 2003. Seniorrådgjevar i fylkeskommunen.
  • Bremanger: Audun Åge Røys (H) - Vore i kommunestyret i fire år før dette valet. Er trygda, men har tidlegare vore sjølvstendig næringsdrivande.
  • Eid: Alfred Bjørlo (V) - Ordførar frå 2011, utdanna zoolog - dagleg leiar i Måløy Vekst frå 2007.
  • Fjaler: Gunhild Berge Stang (V) - ny i politikken i Fjaler, utdanna arkeolog, rådgjevar i kulturavdelinga i fylkeskommunen.
  • Flora: Ola Teigen (Ap) ny som ordførar, i bystyret frå 2011, sjølvstendig næringsdrivande, måling og flislegging.
  • Førde: Olve Grotle (H), ordførar sidan 2011, i bystyret frå 2003, privatpraktiserande advokat.
  • Gaular: Mathias Råheim (H), ordførar frå 2011, i kommunestyret frå 1979 med unnatak av perioden 1991-95. Har jobba i trygdeetaten, og som bonde.
  • Gloppen: Leidulf Gloppestad (Sp) - ny som ordførar, i kommunestyret frå 1999-2003 og 2007-2011, bonde og tidl. arbeidar på Brødrene Aa.
  • Gulen: Hallvard Oppedal (Sp) - ordførar frå 2011, varaordførar 2007-2011. Bonde.
  • Hornindal: Stig Olav Lødemel (H) - ny - sjølvstendig næringsdrivande - Løflo installasjon.
  • Hyllestad: Morten Askvik (Sp) - ny, i kommunestyret frå 2011, lærar.
  • Høyanger: Petter Sortland (Ap) - ordførar frå 2011, i kommunestyret frå same året, tidl. næringssjef i Høyanger kommune.
  • Jølster: Oddmund Klakegg (Sp) - ordførar frå 2011, i kommunestyret frå 2007, yrke: Landbrukssjef i Jølster kommune.
  • Leikanger: Jon Håkon Odd (Ap) - ny både som ordførar og fast kommunestyremedlem, tilsett i Difi.
  • Luster: Ivar Kvalen (Sp) - ordførar frå 2011, i kommunestyret frå 1999, tidl. anleggsleiar i Mesta.
  • Lærdal: Jan Geir Solheim (Sp) - ordførar frå 2011, i kommunestyret frå 2007. Bonde, drosjeeigar og entreprenør.
  • Naustdal: Håkon Myrvang (Ap) - ordførar frå 2007, i kommunestyret frå 1999, tidl. konsulent i Sunnfjord Energi.
  • Selje: Stein Robert Osdal (KrF) - ny, i kommunestyret frå 2011 - kyrkjeverje, har to siste åra arbeidd i gravferdsbyrå.
  • Sogndal: Jarle Aarvoll (Ap) - ordførar frå 2007, i kommunestyret frå 1999 - tidl. førstekonsulent i NAV.
  • Solund: Gunn Åmdal Mongstad (Sp) ny, men var ordførar frå 2003 til 2011, i kommunestyret 2011-2015, men permisjon i tre år medan ho var rektor. Lærar av yrke, adjunkt.
  • Stryn: Sven Flo (H) - ordførar frå 2011, i kommunestyret frå 2007. Sjølvstendig næringsdrivande - Flo Kompetanse, tidl. yrkesmilitær.
  • Vik: Olav Turvoll (Sp) - ny, varaordførar 2007-2011, i kommunestyret frå 1995, utdanna agronom, bonde.
  • Vågsøy: Kristin Maurstad (Ap) - ny, varaordførar 2011-2015, tidl. lærar og prosjektleiar, sist i Fram Flora, etter det utviklingsleiar for Måløy vidaregåande skule.
  • Årdal: Arild Ingar Lægreid (Ap) - ordførar frå 2002, i kommunestyret 1983-1984 og 1995-2011, tidl. elektrikar i Hydro.