NRK Meny
Normal

Her kan du sjå alle byggjeplanane i Sogndal

Totalt er det snakk om investeringar på opp mot tre milliardar kroner i Sogndal dei komande åra. Sjå heile lista her!

Gå til forsiden

Utbygging i Sogndal

Bygging i Sogndal

Utbygging i Sogndal

21 bilder

    Sjølv om fleire av prosjekta enno berre finst på teiknebordet, gjev veksten i Sogndal grunn til optimisme for lokale verksemder i byggjenæringa.

    – Det er bra, både for oss og byggjebransjen generelt, at det er mange prosjekt i marknaden, seier Finn Ove Øen, som er dagleg leiar i Åsen & Øvrelid, ei av dei største entreprenørverksemdene i fylket.

    Mange offentlege prosjekt

    At Sogndal er i vekst viser att i ei imponerande liste byggjeprosjekt som står for tur. Berre i 2016 skal eit helse og omsorgssenter til 300 millionar, 150 studentbustader til 127 millionar og ein fjordsti til 33 millionar stå klare.

    Finn Ove Øen

    OPTIMIST: Åsen & Øvrelid, med dagleg leiar Finn Ove Øen, er berre ein av mange aktørar som nyt godt av byggjeboomen i Sogndal.

    Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

    Same året startar byggjinga av den nye Loftesnesbrui til 240 millionar og fleire store bustadprosjekt, både på Kaupanger og i sentrum, er på gong. På toppen av det heile skal politikarane før jul ta stilling til om dei skal gå vidare med bompengefinansiering av ein sogndalspakke verdt omlag 600 millionar.

    Øen seier Sogndal flyt på ei medgangsbølgje.

    – Ein er heldig no med fleire prosjekt som treff samstundes, spesielt frå offentlege aktørar. Men no har det vore ei bra utbyggingstakt i Sogndal over ein lengre periode, seier Øen.

    – Ting dett på plass samstundes

    Per Odd Grevsnes

    INVESTERINGSVILJE: Per Odd Grevsnes i Sogn Næring seier investeringsviljen i Sogndal er stor.

    Foto: Arve Uglum / NRK

    Næringsjefen i kommunen, Per Odd Grefsnes, har merka den same utviklinga.

    – Det er veldig mange ting som dett på plass samstundes. Noko av det vil ein kunne seie er tilfeldig, men viss ein legg saman alt, så ser ein at det er ein investeringsvilje i Sogndal, seier Grevsnes.

    I bildegalleriet over kan du sjå heile lista over utbyggingsplanar. Her har vi samanfatta dei største og mest konkrete:

    • Sogndal trafostasjon er delvis sett i drift, ferdigstilling vil skje i løpet av året. Kostnadane er på 700-800 millionar kroner, inkludert vegar.
    • Sogndal Helse og omsorgssenter skal stå klar i 2016. Kostar 300 millionar.
    • Den nye Loftesnesbrui vil koste om lag 240 millionar. Planlagt byggjestart i 2016.
    • 150 studentbustader i Nedrehagen skal stå klare i 2016. Kostar 127 millionar.
    • Fjordstien skal stå ferdig i 2016 og kostar førebels 33,5 millionar. Fjordstien kan òg bli utvida dersom sogndalspakken blir realisert.
    • Eit nytt påbygg til Sogndal vidaregåande skule, som vil samle alle linjene under eitt tak, skal stå klar i 2017. Kostnaden er på 60 millionar, inkludert rehabilitering av Sogndal idrettshall.
    • Utbygginga i Hodlekve går sin gong. Førebels er over seksti tomter selde, rundt tjue hytter er bygde, i tillegg er det kome på plass to nye skiheisar.
    • Dei åtte første leilegheitene i ei større utbygging i Sognatun i sentrum skal stå klare i 2016. Fullt utbygd vil prosjektet kome opp i 70-100 millionar.
    • Eit nytt byggjefelt står klart til oppføring på Kaupanger til ein kostnad av 30 millionar. Planlagt byggjestart til sommaren.
    • 54 nye leiligheiter er planlagde på Ulvahaugen. Kostnad 170 millionar, første byggjetrinn startar truleg på nyåret.
    Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
    Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
    veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser