Normal

Her kan du sjå «Tysdagsdebatten»

Kva skal vi leve av i framtida? Kvar skal vi bu og arbeide? Det håpar årets første utgåve av «Tysdagsdebatten» å kunne gi nokre svar på.

Tysdagsdebatten 19.januar 2016

SJÅ DEBATTEN: Her ser du tysdagsdebatten i opptak.

Det er eit mangesidig bakteppe når Høgskulen i Sogn og Fjordane og Studentparlamentet kjem frå Sogndal til Eikaas-amfiet på Sunnfjord hotell i Førde med ordskiftet.

Georg Arnestad

ANSVARLEG: Georg Arnestad er ansvarleg for «Tysdagsdebatten».

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Regionutvikling, indre og ytre delar av fylket, sentralisering, nye vegsamband, oljekrise, fiskerinæring og høgskulefusjonar er berre nokre av stikkorda.

– I bakhovudet har vi også Fjord1-saka, som ikkje er avslutta enno, seier Georg Arnestad.

Tysdagsdebatten 19.januar 2016

SJÅ DEBATTEN: Her ser du tysdagsdebatten i opptak.

«Vil-ikkje-fylke»

Debatten fekk også ei noko uventa opptakt då tidlegare fylkesrådmann Jan Øhlckers slo fast at «Sogn og Fjordane er eit vil-ikkje-fylke som er i ferd med å gro att og rote på rot».

Han følgde opp med å spørje om ein skal «bruke all vår kompetanse på å strete imot»?

– Øhlckers har med dette gjeve panelet noko å bryne seg på, seier Arnestad.

Panelet

Jan Øhlckers

DEBATT: Utspelet frå Jan Øhlckers om «Vil-ikkje-fylke» blir nok heftig debattert i årets første utgåve av «Tysdagsdebatten».

Foto: Steinar Lote / NRK

Debatten blir innleia av fylkesordførar Jenny Følling (Sp). Ho tek deretter plass i panelet saman med fylkesleiar Hilmar Høl (Ap), administrerande dirketør Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest og den nye sjefsredaktøren i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.

Saman skal dei synse om kva prioriteringar fylket må gjere i framtida.

– Vi vonar sunnfjordingane set pris på at «Tysdagsdebatten» har kome til Førde, og møter jamt opp, seier Arnestad.

Vegopning på Bergum i Førde kommune