Barn må i oppveksten sin gjere mange ting for første gang. «Klart eg kan» heiter ein ny dokumentarserie med born som forsøker seg på ting dei har lyst å klare.
Her kan du sjå born som tek sin første tur på skøyter, reiser med fly åleine for første gong, sluttar med smokk, deltek i store danseframsyningar, tek hol i øyret og padlar til ei øy for å overnatte.
- LES OG:
Serien ser du kvar dag i julemorgen på NRK Super klokka 0830. Vi legg alle episodane og musikkvideoen frå serien på denne sida etterkvart som dei er sendt på TV.
Episode 1 - Ida skal fly åleine
Ida sin mamma og pappa er skilt og bur langt vekke frå kvarandre. Når Ida skal besøke pappa må ho og storebror fly åleine. Det synes Ida av og til er skummelt, men samtidig er det kjempefint å besøke pappa og venner der ho budde før.
Episode 2 - Harriet Maria som sirkusprinsesse
Harriet Maria skal vere sirkusprinsesse på Cirkus Zorba. Ho skal ri på ein kvit, høg hest. Harriet Maria synes hesten er litt skummel. Ho har veldig lyst til å vere sirkusprinsesse, men lure på korleis det skal gå.
Episode 3 - Tora og isslottet under isbreen
Tora skal på lang skitur. For onkel Bjørnar vil vise henne eit isslott. Isslottet ligg langt unna, og så langt har Tora aldri gått på ski før.
Episode 4 - Johan på fotballturnering
Johan elskar å vinne fotballkampar. Men han likar ikkje å tape. Pappaen til Johan er kjempegod i fotball, og han seier at Johan må vere blid sjølv om laget hans taper. Men det synes ikkje Johan er så lett.
Episode 5 - Per og Bukke-Lars
Per likar å leike med alle dyra på garden til tanta si. Favorittdyret er ein geitebukk som heiter Bukke-Lars. Men no må Per finne på noko lurt, for Bukke-Lars har blitt så tjukk at Per ikkje kan leike den leiken han likar aller best lenger. Per må rett og slett skaffe pengar for å løyse problemet.
Episode 6 - Mathilde tek hol i øyrene
Matilde synes det er fint med øyredobbar. Men ho har berre leikeøyredobbar. Kanskje ho ein dag tørr å ta hol i øyrene?
Episode 7 - Lukas danser ballett
Lukas dansar ballett. Nokre meiner ballett er jentete, men Lukas vil betemme sjølv. Snart skal han vere prins på ei Torneroseframsyning - og då må han øve veldig masse.
Episode 8 - Trine må slutte med smukk
Trine er så stor at mamma og pappa har bestemt at ho må slutte med smukk. Men Trine har aldri sove utan smukk før, og vil ikkje gje smukken frå seg.
Episode 9 - Adrian skal gå på skøyter
Adrian ser gjennom vindauget at ute har alt vatn frose til is. Adrian har aldri gått på skøyter før, men har veldig lyst å prøve. Isen er glatt og knallhard. Det blir spennande å sjå om Adrian klarar å gå på skøytene, eller om han berre kjem til å dette og slå seg.
Episode 10 - Emilie skal på turnstemne
Emilie er kjempeflink til å turne. Ho sprett rundt så lett som ingenting. Snart skal Emilie og alle ho turnar ilag med, reise på turnstemne for å vise fram det dei kan. Men mamma og pappa kan ikkje vere med, så Emilie må reise åleine. Klarar ho det skal tru?
Episode 11 - Lotte skal på langtur med Kajakk
Lotte og pappa er ofte på tur ilag. Men denne gangen skal Lotte prøve noko heilt nytt. Ho skal padle i kajakk, og er litt nervøs. For dei skal ut på det opne havet og der kan det bli både skummelt, vått og kaldt.
Episode 12 - Andreas skal prøve å segle
Andreas bur ein plass der det nesten alltid er vind. Ham elskar å leike i vinden, men når pappa vil lære Andreas å segle oppdagar han at sterk vind kan vere litt skummelt og. Så det spørs om Andreas klarar å vere så modig som han helst vil.
Musikkvideoen til Klart eg kan
Musikken til serien er laga av Torbjørn Ellingsen og framført av Odd-Erik Lothe. Her kan du sjå musikkvideoen til Klart eg kan.