Her kan du oppleve ekte stølsliv

Har du nokon gong handmjølka geiter eller laga ost i former? I Aurlandsdalen har jordbrukselevar stølsskule i sommar. I helga kan også andre få lære.

Sinjarheim

GEITER: Even Hov er husdyrlærar ved SJH, og lærer opp elevane i stølsdrift på gamlemåten.

Foto: Elisabeth Fagerland / SJH

Å ta med dyra til fjells for å utnytte beitet har vore tradisjon i Norge i mange hundre år.

På Sinjarheim i Aurlandsdalen er det framleis røyk frå pipa og kok i ostekjelen nokre veker kvar sommar. Der har elevar frå Sogn jord- og hagebruksskule sommarkurs, og lærer å drive stølsdrift på den gamle måten.

No vil dei vise kva dei driv med til alle som vil lære.

– Dei får innblikk i norsk tradisjon. Og ein blir kjend med dyra på ein heilt annan måte, ein kjem nærare enn elles, seier Elisabeth Fagerland som jobbar på skulen.

Ho er tidlegare elev, men no er det andre sin tur.

Søndag kan alle som vil ta del i stølslivet saman med elevane på SJH. Då er det open stølsdag, og alle som vil kan vere med å koke brimost.

Rører osten kald sinjarheim

BRIMOST: Brunost av geitemjølk blir kalla brimost i Sogn. Den må rørast kald før den blir lagt i former.

Foto: Elisabeth Fagerland / SJH

Ysting er ein del av utdanninga

Sinjarheim ligg i nedre halvdel av Aurlandsdalen. Det er ein populær vandretur om sommaren, og mange tek turen innom til elevane på stølen.

– Masse folk har vore innom dei dagane eg har vore der oppe. Det verkar som dei verkeleg set pris på å vere ein del av det. Det blir ein skikkeleg turistattraksjon, fortel Elisabeth Fagerland.

Frå 2010 til 2015 gjekk talet på stølar og setrar ned med tjue prosent. Samstundes er det fleire bønder som kombinerer gardsdrift og turisme.

Difor er det god trening for elevane å jobbe med stølsdrift på Sinjarheim, der så mange folk er innom, seier Fagerland.

Sinjarheim

SINJARHEIM: I siste halvdel av Aurlandsdalen ligg Sinjarheim. I nokre veker om sommaren er det geiter på vollen og røyk frå pipa her.

Foto: Elisabeth fagerland / SJH

Opplever ysting på gamlemåten

For elevane er ysting av ost ein del av skulekvardagen. Men det er noko anna å yste på gamlemåten enn i ysteriet på skulen, fortel Fagerland.

– For det første er det utruleg slitsamt å mjølke geiter for hand! Både kjekt og slitsamt. Og det er veldig spanande å lære ysting på gamlemåten, med å røre brimen kald og legge osten i former.

For dei som tenker på å ta turen til støls til helga, seier Fagerland dette:

– Det er ikkje ein moglegheit ein ofte får. Berre lukta av myse som blir kokt til ost er verdt det i seg sjølv, meiner ho.

Sinjarheim

HANDMJØLKING: Elevane på Sogn Jord- og hagebruksskule vil la dei som vil ta del i stølslivet søndag 9. juli.

Foto: Elisabeth Fagerland / SJH