Hopp til innhold

Her kan du køyre heim til jul

Nokre fjellovergangar er stengt, nokre stader er det kolonnekøyring, og nokre er open for trafikk. Få oversikta over kor ein kan køyre her.

Filefjell

FILEFJELL: E16 over Filefjell er open, men det er fare for glatte parti og redusert sikt på staden.

Foto: Jan Chr. Jerving

Det har vore uvêr langs kysten nesten heile veka, og framleis skapar vind og vêr problem for dei køyrande.

Det er vanskelege køyreforhold over fleire av fjellovergangane, og du kan sjå vêrvarselet for alle på yr.no.

Dette er status for fjellovergangane fredag morgon:

  • Fylkesveg 50 på fjellovergangen Aurland-Hol vart opna for fri fersel litt før klokka 08.30. Det kan bli kolonnekøying i løpet av dagen. Torsdag kveld fekk bilar som hadde venta lenge sleppe over fjellet.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet er opna for kolonnekøyring frå Vik klokka 09.30.
  • Riksveg 52 over Hemsedal er open for trafikk.
  • Fylkesveg 53 på overgangen mellom Årdal og Tyin er open for fri ferdsel. Det er glatt vegbane på staden og delvis redusert sikt på grunn av kraftige snøbyer.
  • Riksveg 15 over Strynefjellet er open, men det kan innførast kolonnekøyring på kort varsel. Vegvesenet anbefalar å kome seg over tidlig på dagen.
  • På E134 over Haukelifjell er det kolonnekøyring.
  • Riksveg 7 over Hardangervidda er det kolonnekøyring. Vegen kan stengast på kort varsel, ifølge Vegvesenet.
  • E16 over Filefjell er open, men det er fare for glatte parti og redusert sikt på staden.

– Det er ein del ruskevêr, og kan ein bruke dei overgangane som er open når ein skal heim, er det ein fordel. Køyr forsiktig, er mitt råd, seier Tore Tysse på Vegtrafikksentralen.

Sjå oppdatert status for alle fjellovergangar i Sør-Norge her.

Laster Twitter-innhold