NRK Meny
Normal

Her kan du høyre tidenes mest populære juletrehogst

Er du blant dei som ikkje kjem i skikkeleg julestemning utan «Du grøne glitrande tre»? I så fall er dette einaste sjansen til å få høyre det.

Alfred Maurstad spelar alle rollene i Arthur Klæbo sitt høyrespel "Du grøne glitrande tre".

HØYR: «Du grøne glitrande tre» er skrive av Arthur Klæbo. Alfred Maurstad spelar alle rollene i høyrespelet.

NRK Sogn og Fjordane har hatt som tradisjon å sende høyrespelet med Alfred Maurstad på kvar einaste julaftan.

Vel, det er eitt par år vi ikkje har sendt det på radio. Mellom anna i 1992, då protestane hagla frå lyttarane .

Diverre for mange har vi ikkje radiosending på julaftan i år. Men ein treng ikkje fortvile av den grunn. For høyrespelet om faren som er i skogen saman med borna for å hogge juletre, er å finne i det rikhaldige radioarkivet vårt.

Så då er det berre å starte spelaren når du føler for det, og du kan høyre vårt lokale svar på «Grevinnen og hovmeisteren» så mange gonger du vil.

Høyrespelet «Du grøne glitrande tre» kom for første gong på riksradioen vesle julaftan 1952. Nordfjordingen Maurstad gjorde manuskriptet til Arthur Klæbo til levande radio, med seg sjølv i alle rollene.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå