Hopp til innhold

Her kan du høyre den vakraste vokalen i landet

Unni Løvlid frå Hornindal stakk av med den gjævaste vokalprisen under årets Landskappleik på Fagernes. Her kan du høyre vinnarbidraget.

Unni Løvlid

TIL TOPPS: Unni Løvlid har vunne mange prisar. Sigeren i Landskappleiken rangerer ho høgast av dei alle.

Foto: Ingrid Ytre-Arne

I finalen framførte Løvlid songen Kvilesteinen. Med 133 poeng tukta ho alle konkurrentane i vokalklasse A.

Ho har tidlegare vunne både B- og C-klassen. Difor hadde ho ikkje venta at å gå til topps i den øvste klassen skulle bli ei så sterk oppleving som det vart.

– Då det vart klart at eg hadde vunne byrja eg å storgrine, fortel ho.

Landskappleiken er det største arrangementet i folkemusikkverda og den eldste festivalen i Noreg. I år konkurrerte 1430 musikarar og dansarar i ei rekkje ulike kategoriar. I vokalklasse A hadde Løvlid elleve konkurrentar.

Løvlid har etter kvart vunne mange prisar. Denne rangerer ho som den gjævaste av dei alle.

– På Landskappleiken kan publikum omtrent like mykje som dei som står på scena. Det å få anerkjenning frå sin eigen folkemusikkfamilie, det er det største, seier ho.

– Fekk du feira noko?

– Ja, eg gjorde diverre det, så eg hadde ein litt dårleg dag dagen etterpå. Men det var veldig kjekt, seier Løvlid.

Livet som songar kan vere tøft og i periodar blir det mykje jobbing. På det verste går det så hardt ut over stemma at den kan forsvinne.

– Heile livet blir spegla i stemma. Så ein må passe på. Drikke mykje vatn og leggje seg tidleg når det er krise, seier ho.