Men på Seimsåsen i Årdal er det ti kilometer med godt preparerte løyper med 100 prosent naturleg underlag. Ulempa for dei som ikkje bur i Årdal eller Lærdal er at det er eit stykke å køyre dit.
Lærdøler og årdøler kan også ta turen opp på Filefjellet, der det er godt med preparerte løyper.
Også Sogndal Skisenter på Hodlekve i Sogndalsdalen har natursnø. På Facebook-sida si skriv skisenteret at dei har fått mykje skryt for gode forhold. Sist helg vart det også preparert turløyper til fjells frå Hodlekve - til Høgehaug.
Siplo Skisenter i Høyanger melder om fine skiforhold og raske klassiske løyper til Synken. Blått føre, litt sol og vindstille, står det på rapporten som vart skriven på Facebook-sida søndag.
Tre mil med oppkøyrde løyper
Tek du turen til Ullsheim i Markane i Stryn kommune har du tre mil med oppkøyrde turløyper å boltre deg i, fortel Arvid Hatledal.
– Eg har nett vore inne på fjellet og friska opp løypene, så her er det berre å kome for dei som vil.
På Facebook-sida Turløyper i Stryn finn du i dag denne informasjonen:
Fine forhold. Frå Tverrfjellet - Svingesetøyane - Dybevoll har det vore hardt og isete ei stund, men no er løypene oppfresa. Fint både for dei som går på ski, eller berre tek turen på sko. Forbi Dybevoll er det snølaust, så der må skia takast av.
Også i Hornindal er det såpass mykje natursnø at folk kan gå på langrennski, fortel Anne Raftevold.
– Det er oppkøyrd løype frå Hornindal Skisenter inn Grendedalen. det er fire kilometer inn forbi tre setrar, eg var sjølv der i går, og det var gode forhold.
Kunstig snø og dugnadsarbeid
I resten av fylket er det produksjon av kunstsnø som no etter kvart gjer at folk kan finne fram att langrennskia.
På Sogn Skisenter på Heggmyrane ved Hafslo kan Runar Tørvi no tilby langrennsløparar tre kilometer med preparert lysløype og ei sprintløype på ein kilometer.
– I dag kan eg endeleg seie at det er gode forhold i langrennsløypene. Vi har produsert snø på harde livet, no er det køyrt ut, og løypene er preparerte. Vi har ei sprintløype og ei turløype.
På Heggmyrane var det 13 kilometer med preparerte løyper før jul, men mildvêret for med all natursnøen i langrennstraseane.
Også på Langeland Skisenter i Gaular har dei nytta kuldeperioden godt. Det er produsert nok snø til ei tre kilometers løype. På Facebook-sida si lovar dei veldig godt skiføre.
Eit tredje skisenter med intens jobbing med snøkanonar og anleggsmaskinar for å få til gode forhold med kunstsnø er Ullsheim i Markane i Stryn. Der skal dei arrangere Norgescup i skiskyting komande helg, så dei har eit ekstra press på seg.
- Les også:
No kjem det snø - oppefrå
Harpefossen Skisenter i Hjelmelandsdalen i Eid melder på si Facebook-side: Vi har dessverre ikkje snø i turløypene, så her er vi avhengige av påfyll av natursnø.
Og i skrivande stund kjem det kvite fnugg dalande ned over delar av fylket. Yr.no lovar at det skal kome litt snø oppefrå dei komande dagane. Men det er ikkje snakk om store mengder, så det spørs om det er nok til å lage gode løyper der det ikkje er snø frå før, anten naturleg eller kunstig snø.