Desse to skal lodde stemninga på 17. mai

På sjølvaste nasjonaldagen er det Kalvåg og Bremanger som skal bli vist fram for heile landet. Her blir det blant anna 17. mai-tog på ei idyllisk badestrand.

KALVÅG: Reporter Solveig Svarstad møter Silje Aga Larsen som kvart år vekker bygda med kornetten sin.

I år får du 17. mai-stemning rett inn i stova di. Vi er på plass over heile landet i ei fleire timar lang sending på både fjernsyn og radio.

I Sogn og Fjordane får du vere med på feiringa av nasjonaldagen i bygdene Kalvåg og Bremanger. Det er Solveig Svarstad og Stine Kyrkjebø Johansen som skal lodde stemninga på kysten.

– I år blir det saltvatn, måseskrik og havutsikt, ler Svarstad.

Dagen startar i det gamle fiskeværet Kalvåg.

– Silje Aga Larsen både vekker bygda og speler til flaggheisinga frå verandaen sin med utsikt over heile Kalvåg. Dette er ein tradisjon ho har hatt i fleire år, seier Johansen.

17.mai

FLAGG: Stine Kyrkjebø Johansen (t.v.) og Solveig Svarstad (t.h.) skal halde deg med selskap 17.mai.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Frå Kalvåg går turen vidare til Bremanger. Her blir det mykje hipp, hipp hurra, norske flagg og sommarfuglar i magen når Svarstad og Johansen skal filme frå barnetoget.

I Bremanger er det også eit litt uvanleg 17. mai-tog som skal bli vist fram for heile landet.

– Ein venninnegjeng tar fram flagg og si beste songstemme når dei går i tog på idylliske Grotlesanden. Det heile avsluttar dei med eit bad, så får vi heller sjå om reporter og fotograf vågar det same, seier Johansen.

Fjernsynssendinga kan du følge frå kl. 7.50 og fram til kl. 14. Innslaga frå Kalvåg og Bremanger kan du etter planen sjå kl. 8.20, kl. 10.50 og kl. 13.06.

KALVÅG: Uxama gler seg til å spele i korpset i barnetoget.

Del dine bilete

Det ligg an til å bli både opphald og gløtt av sol på nasjonaldagen, så alt ligg til rette for flotte blinkskot. Vi vil gjerne sjå korleis du feirar dagen der du er.

Slik kan du dele dine bilete med oss:

  • Merk gjerne bileta dine med #nrksf og #nrk17mai på Instagram
  • Send bilete på e-post til sf@nrk.no.
  • Eller send det til NRK Sogn og Fjordane i ei melding på Facebook.
17. mai: Kongefamilien, barnetogene, stemningen, alt fra feiringen av nasjonaldagen i hele landet og litt fra utlandet.

17. MAI DIREKTE: Kongefamilien, barnetoga, stemningen, alt fra feiringa av nasjonaldagen i heile landet og litt frå utlandet.