Hopp til innhold

Her har dei aldri køyrt langrennsløyper så tidleg

SOGNDAL (NRK): I Sogndal skisenter Hodlekve kan dei aller ivrigaste allereie finne fram langrennsskia sine.

SJÅ TV-SAK: Aldri før har trakkemaskina til Hodlekve skisenter køyrt løyper i oktober. (FOTO/REDIGERING: OLE KOLLSTRØM HEILEVANG/NRK)

– Vi freser ein kilometer etterlengta langrennsløype, men det er rekordtidleg. Normalen er to til tre veker seinare, gliser Kim Andre Navarsete, der han set bak rattet på ei 11,5 tonn tung trakkemaskin.

25 centimeter

Kim Andre Navarsete og Per Odd Grevsnes i Sogndal skisenter

NØGDE: – Sidan snøen reiste i slutten av mai, har vi jobba for å gjere oss klar til dette. Det er heilt fantastisk, seier løypekøyrar Kim Andre Navarsete og dagleg leiar i Sogndal skisenter Hodlekve, Per Odd Grevsnes.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Allereie før november set inn, betaler iherdig planeringsarbeid gjennom sommaren seg. 25 centimeter av det kvite element er nok til å køyre langrennsløyper på delar av trekilometersløyfa.

Mykje på grunn av preparering av underlaget siste åra.

– Før måtte vi ha halvmeteren med snø. Skal ein lage gode spor, så er det ikkje hjelp i med blaute myrer. Ein må ha fast og godt underlag, seier Navarsete til.

Må vente litt til...

Det er nok ikkje mange stadar skientusiastane kan hive på seg ski. Men under ein månad til den internasjonale langrennselivet sparker i gang sesongen med Beitosprinten, er løypene straks klare på Beitostølen.

Det fortel løypekøyrar Knut Aasveen.

– Vi har fem-seks centimeter snø og konsentrerer oss no om grunnpreparering, men torsdag 1. november opnar stadion, standplass og fem kilometer løype med 30-40 centimeter sole,så får vår herre syte for natursnø på resten, seier han.

Løysinga er 40.000 kubikkmeter førehandsprodusert snø.

– Etter at vi mista verdscupen og Beitosprinten for nokre år sidan, starta vi å produsere snø som vi gjennom sommaren lagrer under eit godt lag flis. Sjølv om sommaren var varm i år, mista vi berre 12-13 prosent av snøen, fortel han.

Beste skia bør bli heime

Eldbjørg Moxnes

METEOROLOG: Eldbjørg Moxnes fortel om kaldare vêr og lettare skydekke over Sør-Noreg frå fredag av.

Foto: Privat

Tilbake i Hodlekve, nær 800 meter over havet, trur Navarsete at dei som ynskjer å teste langrennsforma, gjer lurt i å la dei beste skipara stå att heime.

– Med 25 centimeter snø, så stikker det opp nokre tustar her og der. Har du ski som ikkje er så nøye med, så er det berre å møte, gliser han.

Og skal ein tru vêrprognosane, kan faktisk snøen bli liggande. Iallefall ei lita stund, seier vakthavande meteorolog, Eldbjørg Moxnes.

– Torsdag kryp snøgrensa frå 500-700 meter til til 300-600 meter. Frå fredag og gjennom helga blir det kaldt i heile Sør-Norge. Då vil eg tru mange skisenter ser sitt snitt til å produsere kunstsnø, seier ho.