Hopp til innhold

Her kan du få ein smakebit frå Julelutt 2014

Hundrevis av publikumarar kunne i helga glede seg over dei mange artistane som deltok på NRK sin Julelutt i Sogndal.

Einar Bolstad opna Julelutt konserten og Eva Weel Skram og Knut Skram syng duett.

STEMNING: Einar Bolstad opna Julelutt-konserten, medan Eva Weel Skram for første gang stod på scena saman med onkel Knut Skram.

Her kan du få ein liten smakebit på det publikum kunne få med seg. Julaftan blir showet sendt på NRK1.

Artistar som Tone Damli, Unni Løvlid, Eva Weel Skram, Knut Skram og ei rekkje andre fyllte scena med den vakraste julemusikken. Også mange unge talent imponerte det fullsette kulturhuset i Sogndal.