Hopp til innhold

Her kan det komme snø i morgon

Sommarvarmen lar vente på seg, og om du skal på fjelltur i morgon kan du måtte gå i nysnø.

Hemsedalsfjellet

HER KAN DET KOME SNØ: På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, 1140 m.o.h. kan det kome snø i morgon ifølgje meterologen.

Foto: Statens vegvesen

– Det er lave temperaturar og i morgon vil nedbøren kome som snø over 1200 meter, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.

Kaldare luft og regnbyer

Årsaka til at det kan kome snø i fjellet er at det i morgon kjem inn kald luft, noko som fører til at nedbøren i fjellet kan kome som snø.

– Det er ikkje normalt å få nysnø i fjellet i juli. Men det kan skje når vi har så lave temperaturar som vi har no, seier Andersen.

I låglandet blir det i morgon lite vind, ein vestleg bris og regnbyer.

Dagen i dag blir prega av skyer, regn og yr. I indre strok er det eit lågt skydekke som kan føre til lokal tåke.

– Det vert litt lettare skydekke i ytre strok, men ikkje strålande sol, seier meteorologen.

Gladmelding

Anne Solveig Andersen

– NYT FREDAG: Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen oppfordrar folk om å nyte godvêret på fredag. Både før og etter vert det overskya og regnbye.

Foto: Marit Hommedal

Meteorologen fortel at på fredag kjem sola fram og vi får endeleg litt sommarvarme.

– Vi har ein fin dag i vente. Det blir høgare temperaturar, opp mot 24 grader. I tillegg får vi rolege vindforhold og ein del sol, seier Andersen.

Men det gode vêret blir kortvarig. Utover ettermiddagen fredag og på kvelden vil det gradvis skye til, og natt til laurdag kjem regnet igjen.

– Det er fredagen som må nytast, fortel meteorologen.