Hopp til innhold

Her kan det kome nytt hotell

Måløy kan få nytt hotell. Grunneigarane i kaifronten har fått 250.000 kroner i støtte frå Nordfjord vekst til utviklinga på ei steinfylling i kaikanten.

Fylling i Måløy

HOTELLPLANAR: Vurderer nytt hotell i Måløy

Foto: Bjarne Eldevik

– Det er svært positivt. Tomta ligg midt i sentrum, og den har eit stort potensial. Men slik den ligg i dag er den eigentleg skjemmande, seier ordførar Morten Hagen (H).

Det er gått fire år sidan store steinmassar vart dumpa i kaifronten i Måløy . Bakteppet var at Kystverket ville utvide skipsleia, medan politikarane ville utvide sentrum.

Lite har skjedd

Eigedomsselskapa Ariel eigedom og Måløy Eigedomsutvikling fekk hand om det nye sentrumsarealet, men i ettertid har lite skjedd fram til no.

Sverre Søraa

VURDERER HOTELL: Sverre Søraa, er ein av grunneigarane som no vurderer om det kan byggast eit hotell på tomta.

Foto: Thomas Bickhardt

Men no seier Sverre Søraa, som er ein av grunneigarane, at dei vurderer om det kan byggast eit hotell på tomta. Grunneigarane har nyleg skipa eit felles selskap som skal stå bak utviklinga, og har fått 250 000 kroner i støtte frå Nordfjord vekst.

– Det er svært tidleg i prosessen, men visjonen er ei utvikling tilsvarande Ulstein hotell i Ulsteinvik med næring, kultur, kontor og husvære, seier Søraa.

Fylling i Måløy

SOM EIN ØRKEN: Lite har skjedd med området dei fire åra som er gått sidan utfyllinga skjedde.

Foto: BJARNE ELDEVIK

Håpar satsinga lukkast

– Det må kome noko aktivitet på området. Det har vore forventningar om det lenge og det har vore signalisert ulike ting i samband med utfyllinga, då den vart sett i gang. Det som no ligg i planane det tykkjer eg er bra, seier Hagen.

Morten Hagen

NOKO MÅ SKJE: Morten Hagen er ordførar i Vågsøy

Foto: Silje Guddal / NRK

Steinfyllinga i Måløy har lenge stått som ein liten ørken inn mot sentrumsgatene. Delar av tomta manglar skikkeleg toppdekke, og på grunn av steinmangel vart delar av fyllinga liggande under vatn. Området manglar også plastring langs kantane.

I mars sende kommunen eit skarpt brev til grunneigarane der dei kravde ferdigstilling, og skreiv at ein vurderte å forfølgje saka juridisk. Men hotellvisjonen som no blir jobba med gjer at kommunen seier seg nøgde med framdrifta.

– No gler vi oss til å sjå resultatet av forprosjektet, og håpar at det dei kjem fram til der kan realiserast, seier Hagen.