Hopp til innhold

Her kan den neste cruisehamna kome

Torsdag skal kommunestyret i Lærdal drøfte om Lærdal skal bli ein ny cruisedestinasjon i Sogn og Fjordane.

Lærdal ds-kai 2007

KJEM DET SEAWALK HER? Lærdal kommune skal no drøfte om dei skal byggje cruisekai i Habben.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Etter det NRK har grunn til å tru er det European Cruise Service som har vendt seg til kommunen og ynskjer å få bygd ein SeaWalk-kai i Lærdalsfjorden. Frå før er Flåm, Skjolden og Olden cruisehamner her i fylket, og det er planar om at Nordfjordeid skal bli det.

Ordførar Jan Geir Solheim vil i Lærdal kommunestyre fortelje dei folkevalde at ein stor cruiseaktør ynskjer å gjere Lærdal til ein cruisedestinasjon i Indre Sogn.

Solheim ynskjer ikkje gå i detaljar når NRK ringer, men stadfestar at møtet skal finne stad når kommunestyret skal diskutere utbygginga av ein storkai. Som NRK har meldt tidlegare, ynskjer Lærdal å utvikle ei transitthamn i Erdalsbukta rett utanfor Lærdalsøyri.

– Vi ser på mange typar kaiar og måtar å utnytte kaikapasiteten på. Ein av dei er sjølvsagt cruise. Vi skal diskutere kvar kaiprosjektet i Lærdal skal gå vidare.

Vil invitere bygda med

Arthur Kordt er dagleg leiar i European Cruise Service. Han stadfestar at han skal til Lærdal torsddag, og at han ynskjer å invitere bygda med i cruiseindustrien.

Lærdal blir i så fall den femte cruisedestinasjonen i Sogn og Fjordane, der Flåm, Olden og Skjolden frå før er store aktørar. I tillegg har European Cruise Service planar om å bygge ein SeaWalk-kai på Nordfjordeid i lag med lokale krefter.

Tor Johan Pedersen

USIKKER PÅ BEHOVET: Fagansvarleg Tor Johan Pedersen i Innovasjon Norge.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Innovasjon Norge er fagansvarleg på cruise, Tor Johan Pedersen, usikker på om det er behov for fleire enn dei 40 cruisehamnene Norge alt har, men seier det er potensiale til fleire hamner om destinasjonen har noko å tilby.

– Lokale krefter bør styre utviklinga

– Cruise veks, i Norge har vi hatt ei stabilisering etter toppåret 2013. Vi har ikkje garanti for at Norge vil ha særleg vekst, sjølv om Norge er ein attraktiv destinasjon. Men ting tyder på at cruise vil vere ein stor og vikitg aktør, spesielt på Vestlandet.

Men han åtvarar mot å gje frå seg styringa av utviklinga..

– Vi meiner det er viktig at det er god dialog mellom dei lokale destinasjonsselskapa og hamnene, slik at vi får den utviklinga vi ynskjer. Det må vere lokale krefter som legg premissane, ikkje cruisereiarlaga.

Ordførar Solheim ynskjer svar frå resten av dei folkevalde i Lærdal når planane er blitt presentert under ein lukka seanse i kommunestyret torsdag.

Cruiseskipet Balmoral ved Måren

DEL AV KAKA: Folk i Lærdal ynskjer at ein del av cruiseskipa som kjem til Vestlandet skal ta turen inst i Sogn. Her er «Balmoral» på veg ut Sognefjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

«»