Hopp til innhold

Her kan dei snart ta mobilen ut av vindaugskarmen

STRYN (NRK): Etter fleire år med kamp for skikkeleg telefondekning, har Telenor bestemt seg for å stikke spaden i jorda og gje fylket sitt største hyttefelt dekning.

Mobil i vinduet i Hydla hyttegrend

NØYE PLASSERT: Akkurat der, i denne glaskarmen, må mobiltelefonen til Stig-Jarle Ervik ligge, om han skal klare å ta imot meldingar og telefonar på hytta si i Stryn. Frå hausten lovar Telenor betring.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi stortrivest på hytta, men det er rett og slett eit problem for tryggleiken.
Det sa hytteeigar Stig-Jarle Ervik i Hydla hyttegrend til NRK like før jul.

I eit av fylket sine aller største hyttefelt er dekninga, både for tale og nett, nær fråverande. På hytta til Ervik i Stryn må mobilen vere plassert ein heilt spesiell plass for å få éin strek i dekning. Ervik var òg uroa for tryggleiken.

– Er vi på skitur, og er uheldig og bryt ein fot eller ei hand, så er her nesten ikkje mobildekning. Det er altfor dårleg i ein turistkommune som Stryn, med så mykje folk som ferdast.

I fleire år har både hytteeigarar og utbyggarar klaga til, og kjempa for, at Telenor skal betre forholda. No er løysinga nær.

Ei lønsam investering

For kort tid sidan fekk Telenor ja med både kommune og grunneigar til å setje opp ein ny stolpe.

– Det vil bli dekning til dei aller fleste hyttene og alpinanlegget, både på tale og data, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen.

Målet er å ha dekninga på plass i løpet av hausten. Veksten i tal hytter er noko av bakgrunnen for at Telenor no byggjer.

Dekningsdirektør i Telenor

AVTALE I BOKS: – Vi skal setje opp ein 12 meter høg stolpe, opplyser dekningsdirektør Bjørn Amundsen.

Foto: Andreas Sundby / NRK

– Hytteområdet har auka slik i omfang at utbygginga er ei lønsam investering for oss, seier Amundsen i Telenor.

Tre år med kamp er over

Heime på kysten må Ervik ha Telenor, fordi Telia ikkje fungerer. På hytta har det vore omvendt, noko som har ført til doble abonnement og utgifter. Beskjeden frå Telenor blir teken i mot med eit smil.

– Det er utruleg positivt. For min del har det veldig mykje å seie. No kan vi ha full arbeidsdag på hytta, få bruke den meir, og minst like viktig er tryggleiken, seier Ervik.

Ervik viser til at han personleg har jobba for dette i tre år, andre i enda lengre tid.

– Det viser seg at det hjelper å kjempe, då har folk litt meir pågangsmot når det buttar i mot, når dei ser at det hjelper å presse på.