Hopp til innhold

Her kan dei juble for dobbelt gull

Tambarskjelvar gjorde reint bord under lag-NM i vektløfting i dag. Det vart gull både i herreklassen og kvinneklassen, som det vart i fjor.

Dobbelt gull til Tambarskjelvar

SLAPP JUBELEN LAUS: For andre år på rad vart det dobbelt gull til Tambarskjelvar under lag-NM i vektløfting.

Foto: Ola Bergheim / Privat

– For oss i miljøet er dette stort. Det krev mykje trening og god innsats av alle i organisasjonen å få til noko slikt, seier Ove Varlid, leiar i vektløftargruppa.

Herrelaget har i mange år hatt posisjonen som det førande laget blant seniorane. For damene har det blitt mest andre- og tredjeplassar, men med gull to år på rad er dei i ferd med bli like suverene som herrane har vore i ei årrekke.

Varlid er ikkje i tvil om kva som er nøkkelen bak suksessen.

– Det er at vi har ein veldig dyktig trenar i Gunnar Reiakvam, som står i rommet kveld etter kveld. Det er nok hovudforklaringa, seier han.

I tillegg til laginnsatsen, var det mange sterke enkeltprestasjonar. Marit Årdalsbakke greidde EM-kravet og er klar til å konkurrere mot dei beste på heimebane i Naustdal til neste år. Også Ine Andersson var svært nære kravet, berre eitt fattig poeng stod mellom ho og EM-billett.

Også blant herrane vart det løfta tungt. Jantsen Øverås, Sindre Rørstadbotten og Vegar Varlid gjorde alle sterke prestasjonar, men ikkje heilt nok til å sikre ein plass i EM denne gongen.

Etter premieutdelinga vanka det bankett og ein velfortent julemiddag.

– For oss gamle gubbar i leiinga, så blir det å ta det ganske med ro. Utøvarane kjem nok til å ete masse ribbe og kose seg dei òg, seier Varlid.