Hopp til innhold

Her jaktar spekkhoggarane niser

Spekkhoggarane let seg ikkje forstyrre då dei fekk selskap av den vesle fritidsbåten. I staden heldt dei fram jakta på niser og gav tilskodarane ei oppleving dei seint vil gløyme.

Eivind Nordvik Hauge og venene hans fekk seg ei oppleving for livet då dei møtte på ein flokk med spekkhoggarar i fjorden utanfor Florø.

SJÅ VIDEO: Her kjem Eivind Nordvik Hauge og venene tett innpå ein flokk med spekkhoggarar i Solheimsfjorden utanfor Florø. (FOTO: Eivind Nordvik Hauge) Videoen er utan lyd.

– Det var heilt vilt! Vi stod berre og skreik, og vi var ganske høgt oppe alle saman, seier Eivind Nordvik Hauge.

Han var saman med systera og to kameratar då han påskeaftan fekk eit nært og spesielt møte med dei majestetiske dyra i Solheimsfjorden utanfor Florø.

– Ingen av oss har kome så nære på dei før, seier florøværingen.

– Nesten midt i flokken

Dei fire hadde vore på fisketur og var på veg attende til Florø då dei brått vart merksame på flokken som boltra seg i fjorden.

– Det var eine kameraten min som først fekk auge på dei, og då var vi nesten midt oppe i flokken, fortel Nordvik Hauge.

Flokken var på veg innover fjorden, og etter å ha snudd båten følgde dei fire etter. Nordvik Hauge seier dei heldt trygg avstand frå dei store dyra.

– På det næraste var vi vel 15 meter frå dei. Vi prøvde å halde oss på eine sida, men dei kom både bak oss og på sida, fortel Nordvik Hauge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Spekkhoggarar jager niser i Solheimsfjorden

TIL ANGREP: Av bileta ser ein tydeleg korleis denne spekkhoggaren går til angrep på ei nise.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

– Ein stor blodpøl

Sjølv har han sett spekkhoggarar frå land fleire gonger før, men å møte dei ute i fjorden med ein liten båt vart utan tvil eit sterkt minne for livet. Og endå meir fascinerande vart det då dei oppdaga at dei store dyra var på jakt.

Nordvik Hauge var fullt oppteken av å knipse bilete med kameraet då kameratane gjorde han merksam på kva som gjekk føre seg.

– Vi såg korleis spekkhoggarane hoppa etter nisene. Då vi køyrde bort etterpå såg vi ein stor blodpøl i sjøen.

– Vi kom fram til at det måtte vere nisene som dei hadde jaga og fått tak i.

Han seier dei såg fleire store flekkar med blod i sjøen.

– Det kan ikkje ha vore etter fiskestimar, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Blodpøl etter at spekkhoggarar jakta niser i Solheimsfjorden

BLOD: Det var fleire store blodpølar i fjorden etter at flokken med spekkhoggarane hadde vore på besøk i fjorden.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Få får oppleve dette

Forskar Nils Øien ved Havforskningsinstituttet meiner venegjengen frå Florø har vore heldige når dei fekk oppleve spekkhoggarar på jakt.

Øien seier at spekkhoggarane som held seg i norske farevatn vanlegvis er kjent som fiskarar, men at det også finst spekkhoggarar som jaktar på andre dyr i havet.

– Ein deler gjerne spekkhoggarane inn i to hovudtypar. Den eine er den som hovudsakleg et fisk, og den andre er den som lever ut rovdyrpotensialet, der dei jaktar på andre sjøpattedyr og andre dyr i havet, seier Øien til NRK.no.

Spekkhoggarane som jaktar som rovdyr flyttar seg over store område, men det er ikkje mange rapportar som folk som observerer spekkhoggarar som jaktar på andre sjøpattedyr, fortel Øien.

Eivind Nordvik Hauge

FOR LIVET: Eivind Nordvik Hauge og venene hans fekk seg ei oppleving for livet då dei møtte på ein flokk spekkhoggarar på veg heim frå fisketur.

Foto: Stig Anders Strømsøy

– At dei går til angrep på niser er ikkje usannsynleg, men det er ikkje mange rapportar om dette, det kan eg love deg, seier Øien.

Håpar han får sjå dei igjen

Den ivrige fotografen Eivind Nordvik Hauge og venene har uansett fått seg ei sjeldan naturoppleving.

Nordvik Hauge seier dei aldri kjente seg utrygge, men seier spøkjefullt at systera var litt skeptisk.

– Det var heilt enormt! Vi har heilt i hundre i dagevis. Det var ei heilt vill oppleving!

– Trur du at du får oppleve dette igjen?

– Eg er såpass mykje på sjøen, så eg håpar eg ser dei igjen. No veit eg iallfall at eg alltid skal ha med meg kamera.