Her jaktar dei på det perfekte agnet

MÅLØY (NRK): Dejan Knezevic jobbar hardt for å finne eit kunstig agn som torsken ikkje kan motstå. Snart kan han få selskap av enda fleire forskarar.

KUNSTIG AGN: Ved å teste smak og lukt, skal forskaren finne kva agn torsken føretrekkjer. Det kunstige agnet skal vere billegare enn akkar, som er mykje brukt i dag, og slik skal det bli rimelegare å drive linefiske.

– Vi legg ein agnbit på, og fisken smaker og godkjenner – eller ikkje, ler forskar Dejan Knezevic, før han senkar ein kvit agnboks ned i eit kar med torsk.

Jobben til Knezevic er å finne fram til kva agn fisken liker aller best. Ved å teste smak og lukt i ulike kar er målet er å finne kunstig lineagn som verkar så målretta og effektivt som mogleg.

Torsken er raskt borte ved den kvite boksen. I ein annan lik behaldar er det akkar, som er eit vanleg agn, mens ein tredje boks er utan agn. Slik får forskaren testa kva torsken faktisk føretrekkjer.

Dejan Knezevic

FORSKAR I MÅLØY: Dejan Knezevic er doktorgradsstudent ved NMBU og forskar for bedrifta Ecobait i Måløy.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Torsken er veldig interessert, seier Knezevic medan torsken snusar seg fram mot det kunstige agnet.

Næringslivsretta forsking

Knezevic forskar for bedrifta Ecobait i Måløy og er tilknytt Norges miljø- og biovitskaplege universitet. Bedrifta har tidlegare fått midlar frå Forskingsrådet for å forske på det kunstige agnet.

Fleire bedrifter enn Ecobait prøver å lukkast med dette. Kva agnet består av, kan difor Knezevic ikkje røpe. Men det verkar. Eitt av måla på sikt er å greie å lage artsselektive agn.

– Det er viktig i framtida, slik at ein kan fiske berre den arten ein vil ha, seier Knezevic.

Dei vil også jobbe for å utvikle agn med ulik storleik og bevegelse.

– Slik kan ein fange torsk som er litt større, medan mindre torsk kan få tid til å vekse.

Vil ha 20 millionar

Knezevic er ikkje aleine om å drive næringslivsretta forsking i Måløy. Tre doktorgradsstudentar er tilknytt bedrifter i kystbyen, og enda fleire kan dei bli.

Forskinga dei driv med, kan bli del av eit større forskingssenter i kystkommunen, som lokalt næringsliv no har teke initiativ til. Målet er å skape 35 arbeidsplassar ved Måløy Marine Ressurssenter innan 2023. Marine Harvest er blant dei som ynskjer å ta i bruk det nye forskingssenteret.

Randi Humborstad

ARBEIDSPLASSAR: Målet er å skape 35 arbeidsplassar ved Måløy Marine Ressurssenter innan 2023, seier Randi Humborstad i Måløy Vekst.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Næringslivet bruker i dag mykje midlar og ressursar på forsking, men dei kjøper desse tenestene utanfor fylket eller landet vårt, seier Randi Humborstad, som er dagleg leiar i Måløy Vekst.

Næringslivet har gått inn med midlar, og stiftinga har bede fylkeskommunen om eit tilskot til etableringa på 20 millionar kroner.

– Sogn og Fjordane er einaste fylke på kysten som ikkje har eit marint forskingsinstitutt, og fylkeskommunen har etterlyst eit slikt marint FoU-miljø i sine fylkeskommunale planar i mange år. Derfor forventar vi støtte frå fylkespolitikarane, uttaler Humborstad.

Fylkespolitikarane skal handsame søknaden 4. desember. Då er det berre eit ja som er godt nok, meiner styreleiar i Ervik Havfiske.

– Det er stor oppslutnad om forskingssenteret, så det vil ikkje bli forstått om politikarane seier nei til å bidra økonomisk for å få realisert planane, seier Kåre Furnes.

Viktig overgang

Trond-Inge Kvernevik i bedriftene Fiskevegn og Niri AS meiner senteret vil bli ein viktig stad for å overføre forsking til faktisk drift.

– Går du rett inn i industriell produksjon, basert på grunnforsking eller avgrensa laboratorieforsking, skalerer opp og det går gale, så tapar du mykje kapital. Korleis ein industrialiserer forskinga er ekstremt viktig, seier han.

Forskingssenteret kan også bety ein vidare forskarkarriere i Måløy for Knezevic. Han seier at nettopp støtta frå lokal industri og lokale fiskarar i kystbyen betyr mykje i deira jakt på det perfekte agnet.

– No har vi testa her i karet, og det funkar. No må vi teste i havet. Det er heilt noko anna, då bidreg lokale fiskarar med lokalkunnskap og råd, seier han.