NRK Meny
Normal

Reven ville ta leverpostei - men då såg katten Mango raudt

Medan halve verda lurer på kva reven seier, gav katten Mango blaffen i snikksnakk og mjaua klar tale: «Bøllar du med leverposteien min, så bøllar du med meg ...»

Created by InfoDispatcher

ANGRIP 1: Reven prøver seg, men Mango set han på plass. Foto: Antoniette Amoro Aarseth

Dramaet fann stad ein mørk og skummel kveld i Vevring måndag. Johnny Bernhard Aarseth kom heim seint på kvelden, og fekk, i det han parkerte bilen, sjå ein rev på eigedommen.

Reven luska rundt i hagen, og Aarseth prøvde å alarmere dei inne, ved å blinke med billysa. Men til inga nytte.

– Så eg gjekk inn og lurte på om dei ikkje hadde sett meg, for eg tenkte dei kunne ta bilde av reven, seier Aarseth.

Pusane var klare

Men det var ingen grunn til uro. Mikkel rev var framleis i hagen. Og han var ikkje åleine. For på plass i hagen var også pusen Mango.

Han er ein ung hannkatt, som tydelegvis ikkje let seg skremme av korkje revestrekar eller eit rovdyr som er hakket større enn han sjølv.

– Mango sat i toppen av eit pæretre då eg kom heim. Men han ville tydelegvis sjå nærare på den besøkjande, seier Aarseth.

Han fortel at Mango er ein ganske ung katt, men god mat og godt stell (og godt jaktinstinkt) har gitt han nokre ekstra kilo.

– Han har lagt litt på seg, kan du seie. Men det hjelpe kanskje på, når han skulle tøffe seg mot reven, ler Aarseth.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

ANGRIP 2: «Ok, utruleg kjip katt, men eg prøver ein gong til» (fritt etter reven). Foto: Antoniette Amoro Aarseth

Kona såg rev for første gong

På plass i vindauget i andre etasje, kunne familien både sjå og forevige det heile. Kona Antoniette fann fram videokamera. Og for henne var episoden litt spesiell.

– Eg er frå Filippinane, men har budd i Vevring i åtte år utan å sjå ein einaste rev. Det var veldig spesielt. Heilt utruleg, seier Antoniette Amoro Aarseth.

Ho var i kjellaren då reven først vart observert i hagen, og var ei stund i stuss på kva ho skulle gjere.

– Eg visste ikkje heilt kva eg skulle tru. Om han ville komme mot meg, viss eg gjekk ut, ler Antoniette.

Men trygt plassert i andre etasje kunne ho filme det vesle dramaet, medan andre i familien lyste ned på bakken slik at det var råd å sjå.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rev på jakt

NÆRKONTAKT: Anthony Cristobal Amoro tok turen i kjellaren, og fekk nærbilete av reven.

Foto: Anthony Cristobal Amoro

Har sett skabbrev før

Familien bur på Årseth, vel 700 meter frå butikken i Vevring i Naustdal kommune. Sjølv om Aarseth har sett rev ved huset før, skilde denne seg ut.

– Dei revane eg har sett før, har vore skabbrev. Men denne såg heilt frisk og fin ut. Men han var veldig nyfiken og tam, til rev å vere, seier Aarseth.

Reven sirkla litt rundt, og i sidan det var mørkt, var det uråd for familien å sjå kva reven eigentleg gjekk etter. Men det synte seg etter kvart at det ikkje berre var Mango av katteslekta, som hadde teke turen for å sjå.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

ANGRIP 3: «... men tredje gongen må det då kunne gå ...» (framleis fritt etter reven). Foto: Antoniette Amaro Aarseth

Frykta reven skulle ta veslekatten

– Ein av dei mindre kattane var også i området, og også ein tredje katt var i hagen. Det såg ei stund ut til at reven prøvde å ta den minste katten, men Mango jaga han resolutt vekk, fortel Aarseth.

Familien kasta ut litt leverpostei for å sjå om reven kom nærare. Og reven var ikkje vanskeleg å be.

– Han flytta på heile boksen, og prøvde å få maten bak seg. Men Mango vart tøffare etter kvart, og ville tydelegvis ikkje gje frå seg leverposteien utan kamp, ler Aarseth.

Heile opptrinnet varte i mange minutt, og reven prøvde gong på gong å komme seg innpå både mat og den mindre katten, men kattane sirkla han inn og heldt kontrollen.

– Vi var litt redde for at han skulle ta veslekatten, men kattane heldt i hop. Og til slutt gav reven seg, og forsvann. Etter det har vi ikkje sett han att, seier Aarseth.

Reven

IKKJE REDD: Reven kom ganske nært, sjølv om det var folk til stades.

Foto: Anthony Cristobal Amoro

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen