Hopp til innhold

Hildur (79) har drøymt om dette sidan krigen - denne veka fekk ho endeleg fly

I 1944 såg Hildur Dvergedal (79) soldatar bli droppa over Nederland i fallskjerm, og ho bestemde seg for at ein gong skulle ho fly slik som dei. Denne veka vart draumen oppfylt.

I 1944 såg Hildur Dvergedal (79) soldatar bli droppa over Nederland i fallskjerm, og ho bestemde seg for at ein gong skulle ho fly slik som dei. Denne veka vart draumen oppfylt.

SJÅ VIDEO: Her får Hildur Dvergedal (79) oppfyllt luftdraumen sin. Foto og redigering: Håvard Nesbø

– Dette er eit ønskje eg har hatt sidan eg i 1944 såg fly med soldatar frå England under slaget ved Arnhem. Vi såg soldatane dale ned i fallskjerm. Då tenkte eg at dette har eg lyst til å prøve også, seier Hildur Dvergedal.

79-åringen som bur i Sogndal, har aldri gitt slepp på draumen som ho fekk då ho var lita jente i Nederland.

Denne historia hadde karane i Bratt Moro i Sogndal fått nyss i. Dermed ville dei gle den spreke kvinna med noko litt utanom det vanlege, nemleg eit fallskjermhopp.

Tok sjansen på flekken

Så karane troppa opp på tunet i Sogndal, saman med sonen hennar, Reidar Dvergedal og fortalde Hildur dei gode nyheitene.

– Du meiner ikkje det? Guri malla! Jau, den sjansen tek eg. Eg seier tusen, tusen takk, seier Dvergedal, då ho vert overraska på tunet med eit synleg bevis på at ho skal få hoppe i tandem.

– Eg hadde jo eigentleg tenkt å gjere det til neste år, men vi kan godt framskunde det litt, seier Dvergedal.

Ho legg ikkje skjul på at ho vart overraska, men når ho tenkte seg litt om, så har det vore sagt og gjort ting som gjorde til at ho ante ugler i mosen.

– Det var ei som stod på butikken i går, som sa noko til meg. Men då eg kom heim, så tok eg til å tenkje. Og når Reidar ringde og skulle vite om eg var heime, så vart eg litt mistenksam, for det er ikkje slikt han pleier å gjere, seier Dvergedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Klar for hopping

KLAR: Hildur Dvergedal før hoppet, gira og glad.

Foto: Magnus Aasheim / NRK

Måtte til Voss

Opphavleg skulle hoppet skje i Sogndal under Bratt moro-arrangementet, men vindforholda var for sterke førre helg til at hoppet let seg gjennomføre.

Men det stoppa ikkje gjengen frå Bratt Moro. Hadde dei lova Hildur hopp, så skulle det bli hopp, om enn ikkje over Sogna-natur, så iallfall nesten. Dermed gjekk turen til Voss.

– Vi fekk ideen om at vi ville gi vekk eit tandemhopp, og vi jobba litt med å finne ut kven vi skulle gi det til, men vi har definitivt funne rett person i Hildur, seier festivalsjef i Bratt Moro, Magnus Aasheim.

På førehand var han sikker på at tandemhoppet kom til å bli ein suksess.

– Ho kjem til å elske det. Det kjem til å bli ei oppleving for livet, seier Aasheim.

Såg fallskjermsoldatar lande under eld

Og Dvergedal sjølv, gledde seg tydeleg før ho skulle i elden.

– Dette er eit stort ønskje eg har hatt i mange, mange år, seier Dvergedal.

Ho hugsar framleis septemberdagen og slaget om Arnhem i 1944 som det var i går.

– Det kom masse fly, og vi var veldig nysgjerrige. Eg og mine to eldre brør klatra opp i to tre og såg svære fly som drog glidefly etter seg, sleppte dei, og så kom dei allierte i fallskjerm, under eld frå tyskarane. Det gjorde veldig inntrykk å sjå desse karane sveve ned. Eg var berre ei lita jente, så eg forstod jo ikkje alvoret den gongen, seier Dvergedal.

Ho vert framleis rørt når ho snakkar om det. Slaget om Arnhem er ei tragisk historie om polske og britiske fallskjermsoldatar som vart droppa bak dei tyske linjene.

(Artikkelen held fram under biletete)

Fin tur

BRIEF: Lars Haukom og Hildur Dvergedal etter tandemhoppet.

Foto: Magnus Aasheim

Snu det til noko positivt

Målsetjinga var å erobre Rhinbrua uskadd. Uttrykket “ei bru for langt” kjem frå dette slaget.

Den britiske oberstløytnanten John Frost klarte å erobre brua, men den britiske armeen let vente på seg, og slaget om Arnhem var tapt.

I slutten av september vart dei 95.000 innbyggjarane tvungne til å forlate byen. Då dei kom attende etter krigen, var heile byen øydelagd og plyndra.

– For å få ein slags positiv tanke om dette med å hoppe i fallskjerm, mot det som var den gangen, då alt var så forferdeleg negativt. Det gler eg meg til. Det skal bli noko positivt ut av det, seier Dvergedal.

Ho fortalde borna sine at ho skulle hoppe fallskjerm då ho vart 80. Men no fekk ho altså oppfylt draumen eitt år før tida.

– Eg gler meg. Eg set utruleg pris på at eg får sjansen. Dette er stort, verkeleg stort, seier Dvergedal.

Instruktøren var imponert

Dermed går turen til vêrs i småfly, og meir ser ikkje dei på bakken av den spenstige dama, før dei kan skimte henne på Vossa-himmelen i ein irrgrøn fallskjermdrakt.

Lars Haukom i Voss fallskjermklubb var med Dvergedal på turen, og fortel at Dvergedal koste seg undervegs.

– Fantastisk jobb. Kjempebra. Det er sjeldan folk er så lite nervøse, seier Haukom.

Dvergedal sjølv, smiler rundt etter hoppet, og gir instruktøren ein velfortent klem.

– Tusen takk. Dette var utruleg moro, seier Dvergedal til Haukom.

– Eg fanst ikkje redd. Eg venta liksom på at det skulle skje, men det kom ikkje, seier Dvergedal.

Haukom fortel at når han merka kor roleg Dvergedal var, så tok han ganske kraftige svingar på vegen ned.

– Vi svinga ganske kraftig, men ho berre koste seg og kvitra, seier Haukom.

(Artikkelen held fram under biletet)

Her kjem bestao

BESTAO I FARTEN: Hildur Dvergedal like før landing.

Foto: Magnus Aasheim

Har ikkje tid til å vere pensjonist

– Det var ei oppleving. Dette var veldig fort. Det er nesten så eg må svelgje for at ikkje tårene skal komme. Dette har eg drøymt om sidan 1944, seier Dvergedal.

– Kan du anbefale det til barnebarna?

– Absolutt, kvitrar Dvergedal.

– Kan du anbefale det til pensjonistkollegaene dine også?

– Eg er ikkje med pensjonistane, eg er altfor ung til å vere pensjonist. Det einaste eg er med på er seniordans, for det er moro og trim for både hovud og føter, seier Dvergedal med glimt i auga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Takka for turen

UTRULEG KJEKT: - Eg var utruleg trygg heile tida. For ei oppleving, seier Hildur Dvergedal til instruktør Lars Haukom frå Voss fallskjermklubb.

Foto: Magnus Aasheim

Men kva gjer ho når ho blir 80?

Ho understrekar at ho aldri var redd på vegen ned.

– Eg kunne godt vore ei stund til der oppe. Eg kjende meg så trygg. Kven som helst an gjere dette. Å komme opp og sjå ned slik, det er fantastisk, seier Dvergedal.

I og med at ho eigentleg ikkje skulle hoppe i fallskjerm før ho fylte 80, ligg ho litt framfor skjema.

– Eg hadde jo bestemt meg for at eg skulle hoppe når eg blei 80. Og så rakk eg det før. Spørst om eg må finne på noko anna då, seier Dvergedal, og smiler.