Hopp til innhold

Her hentar Oslo ut milliardar frå Vestlandet

AURLAND (NRK): Tre milliardar kroner har Oslo kommune henta ut av kraftverka i Aurland i Sogn dei siste 10 åra.

Knut Helge Kjærvik i E-co Energi i kraftverket i Aurland.

Kraftverkssjef Knut Helge Kjærvik i E-CO Energi fortel at dei seks kraftverka i Aurland produserer kraft tilsvarande straumforbruket til 150.000 husstandar.

Foto: Bård Siem / NRK

Golvet vibrerer, og maskinstøyen er sterk. Under føtene våre ligg dei enorme turbinane. Fallet er på 900 meter og under oss fossar det 120.000 liter vatn i sekundet. Vi er inne i hjartet av E-CO Energi sitt største kraftverk, det såkalla Aurland 1.

Det er ikkje tvil om at kraftverka i Aurland har gjeve Oslo kommune gode inntekter.

Knut Helge Kjærvik

– Oslo kommune har brukt store summar på å byggje ut kraftverka i Aurland. Dei gjorde dette for å få straum til innbyggjarane sine. Etter kvart er det ikkje tvil om at det har gjeve kommunen god inntening, seier Knut Helge Kjærvik, E-CO sin kraftverkssjef i Aurland. E-CO er heileigd av Oslo kommune.

Turbin E-Co Energi Aurland

Her ser vi ein turbinane ved eit av E-CO Energi sine kraftstasjonar i Aurland. Turbinane i Aurland produserer straum tilsvarande årsforbruket til 150.000 husstandar.

Foto: E-Co Energi

Fornøgd Oslo-byråd

Byråd for næring og eigarskap i Oslo kommune, Geir Lippestad (Ap), er svært glad for dei store inntektene frå Aurland.

Inntektene frå Aurland har betydd mykje for tenesteproduksjonen i Oslo.

Geir Lippestad

– Vasskraft er rein og evigvarande energi og lønsam. Oslo kommune har tatt ut store summar i utbyte frå kraftproduksjonen, noko som har betydd veldig mykje for velferdsproduksjonen vår.

Ordføraren i Aurland seier spøkefullt at også Aurland kommune sitt kommunevåpen bør hengjast opp i Oslo.

– Ja, vi er veldig glade i Aurland, så det var ein morosam tanke.

Men er det eigentleg rett at Oslo kommune skal kunne syge ut enorme summar frå Vestlandet på denne måten?

– No er det slik at Aurland får store inntekter frå kraftverka våre på Vestlandet. Eit viktigare spørsmål er om kraftinntektene skal gå til Norge som nasjon eller om dei skal gå ut av landet. Vi meiner det er svært viktig at halde det på nasjonale hender, seier Lippestad.

Geir Lippestad

Oslo kommune har kvart år tatt ut store summar i utbyte frå kraftproduksjonen, noko som har betydd veldig mykje for velferdsproduksjonen vår, seier Geir Lippestad (Ap), byråd for næring og eigarskap i Oslo.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Straum til 150.000 husstandar

Utbygginga i Aurland starta i 1969, og dei første kraftverka stod klare til straumproduksjon tidleg på 1970-talet. Heile 37 fjellvatn var med i utbygginga.

Dei siste ti åra har hovudstadskommunen teke ut nærare tre milliardar kroner i utbyte berre frå dei seks kraftverka i Aurland. Det samla utbytet for Oslo kommune frå alle kraftverka er på 10 milliardar dei siste 10 åra.

Dei seks anlegga i Aurland produserer straum på ei mengd som tilsvarar om lag 150.000 husstandar i året. E-CO. Anlegga i Aurland står for om lag 30 prosent av E-CO sin samla straumproduksjon.

Norwegian dams - E-CO - Aurland - Sogn og Fjordane E-CO; County: Sogn og Fjordane; Aurland local authority; Viddalsdammen

Her ser vi Viddalsdammen i Aurland. Utbygginga i Aurland starta i 1969 og dei første kraftverka stod klare til straumproduksjon tidleg på 1970-talet. Heile 37 fjellvatn var med i utbygginga. Det vart bygd 11 demningar og 11 bekkeinntak.

Foto: Aerosport Norge -aero.no / E-CO Energi

Gullgruve også for Aurland kommune

For vesle Aurland kommune med 1.700 innbyggarar har E-CO sine kraftverk vore reine gullgruva. I løpet av dei ti siste åra har kommunen innkassert ein milliard kroner i eigedomsskatt, naturressursskatt, konsesjonsavgift og konsesjonskraft.

Dersom ein ser på E-CO Energi si verdiskapinga per innbyggar er den på om lag 60 000 kroner i Aurland og vel ein tusenlapp i Oslo.

Høgre-ordførar Norald Distad i Aurland vedgår at inntektene på 100 millionar kroner i året er veldig viktig for kommunen.

– Dette er ein stor inntektspost som betyr mykje for tenesteproduksjonen vår, seier han.