Hopp til innhold

Her held rockelegendene spontankonsert under ein altan

Den amerikanske gruppa The Rainmakers trengde ein pause frå noregsturneen. Dermed inviterte dei til gratiskonsert under ein altan i Luster.

Rainmakers med minikonsert på Skjolden 15. juni 2015.

SPESIELT: The Rainmakers selde til gull i Norge på nittitalet. Her held dei ein gratis intimkonsert i Skjolden – under ein altan.

Foto: Arve Uglum / NRK

Denne sommaren skal The Rainmakers halde ni konsertar i Norge. Men den mest spesielle av dei alle står ikkje ein gong på turnelista. På veg frå Trøndelag til Bergen gjorde dei nemleg ein improvisert stopp i Skjolden.

Nærare bestemt i hagen til Bjørn Hauge.

– Turnemanageren ringde og lurte på om dei kunne få ha ein liten hagefest, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rainmakers med minikonsert på Skjolden 15. juni 2015.

EKSKLUSIV: Det var ingen inngangsbillett for dei spesielt inviterte tilhøyrarane.

Foto: Arve Uglum / NRK

Lokka av lustranaturen

Saman med søstera driv Bjørn Hauge Vassbakken Kro og Camping, som ligg omtrent midt mellom Skjolden og Fortun. Der spelte bandet for tre år sidan og likte seg tydelegvis godt.

Rainmakers med minikonsert på Skjolden

NORGESVEN: The Rainmakers og frontfigur Bob Walkenhorst kan trygt kalle seg norgesvennar.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Dei tykte det var veldig fin natur og hadde lyst til å ta turen forbi igjen, seier Hauge, som i dag var med rockarane på tur til fjellgarden Fuglesteg.

Konserten i går var av det intime slaget. Det var ingen inngangsbillettar, og berre nokre få utvalde fekk høyre på.

– Det var ein veldig fin konsert. Dei spelte vel ein liten halvtime kanskje, seier Hauge på telefon til NRK, før han blir retta av sambuaren i bakgrunnen.

– Spelte dei ein time? Ja, då gjekk tida fort ...

Store i heimlandet – størst i Norge

The Rainmakers såg dagens lys i 1986. Dei er kritikarroste i heimlandet, men har opplevd størst suksess i Europa, og spesielt i Norge.

Dei erfarne rockarane hadde ingenting i mot å spele konsert under ein norsk altan.

– Det tykte dei berre var moro. Litt kaldt, men ...

Bandet vart oppløyst for første gong i 1990, men i 1994 gav bandet ut albumet Flirting With the Universe, som i Norge selde til gullplate i løpet av to månader. Etter fleire nye brot, fann bandet saman att i fjor.

Hauge, som sjølv hugsar gruppa frå åttitalet, set pris på at rockarane held fram comebacket på plenen hans.

– Det er veldig hyggjeleg, både for oss og dei andre som var her. Det er ikkje kvar dag det skjer noko på Skjolden, seier han.