NRK Meny
Normal

Her held dei liv i kjær fiskerihistorie

Før i tida vart det produsert tusenvis på tusenvis av sildetønner her i fylket. På Hagevik Tønnefabrikk i Vågsøy held dei tradisjonen i hevd med ein moderne vri.

Ope hus i Hagevik Tønnefabrikk

FRAKTA SILD: På Hagevik Tønnefabrikk produserte dei tønner til å frakte sild med.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

No er den gamle tønnefabrikken også blitt konferansesenter. Tønneproduksjon i første etasje, og selskap- og kurslokale i andre.

Seinast denne veka hadde forhandlingsutvala i Vågsøy og Flora møte på Hagevik Tønnefabrikk.

– Vi har eit freda kulturminne som vi vil lage liv i. Då må vi ha lokale som vi kan tilby folk, seier Per Henrik Gillesvik.

Brørne Magnar og Per Henrik Gillesvik driv i dag lokalet, der bestefaren Henrik Gillesvik etablerte tønnefabrikk i 1904.

– Det er barndomen vår. Vi har eit engasjement og hjarte for det, seier Per Henrik.

Tønnene vart i si tid brukt til å frakte sild med til kundane, og kvart år måtte det lagast nye. Hagevik Tønnefabrikk er halden i hevd med alt av maskiner og utstyr.

Høyr radioreportasje frå besøk i den gamle fabrikken her:

Lærte seg å bygge tønner på 2000-talet

Som ein av dei siste tønnefabrikkane i landet, fekk Hagevik Tønnefabrikk vernestatus av riksantikvaren i 1996.

Nede i første etasje er det som å tråkke tilbake til ei heilt anna verd.

– Dette er vår hobby og lidenskap. Vi har intakt heil- og halvtønneproduksjon og tar vare på det som var i drift her mellom 50-talet og 60-talet, seier Per Henrik.

Ved fabrikken i Hagevika produserte dei 10.000 til 12.000 tønner i året. Året 1966 var verksemda redusert. Då var det slutt på sildefiske både på norskekysten og ved Island. For brørne var tønneproduksjonen ein kjær del av oppveksten.

Brør på Hagevik Tønnefabrikk

TØNNER OG KONFERANSE: På Hagevik Tønnefabrikk blir den gamle tønnefabrikken kombinert med konferanselokaler. Magnar Gillesvik (t.v.) og Per Henrik Gillesvik (t.h.).

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

– Vi såg på då vi var gutungar og hadde det for oss i hovudet. Først på 2000-talet lærte vi å lage tønner. Faren vår hjelpte godt til. Han viste oss triksa, seier Magnar.

Når Per Henrik og Magnar set i gang tønneproduksjonen blir det livleg i dei gamle fabrikklokala.

– Vi får leike oss. Du kan telje dei som kan faget på ei hand, seier Magnar.

Ope hus i Hagevik Tønnefabrikk

VERNESTATUS I 1996: Hagevik Tønnefabrikk fekk vernestatus av riksantikvaren i 1996.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Emballasjen for store verdiar

Begge brørne bur vekke, men dei har neste generasjon med på laget.

– Vi er fleire personar som delar på ansvaret, så vi er her mykje i helgane med utleige av lokale. Det har vore mest sommaraktivitet, men no ser vi at det er bra med aktivitet på vinteren, seier Magnar.

Drifta av den gamle tønnefabrikken er meir enn ein hobby.

– Tenk at tønnene var emballasjen for verdiane som fiskarane brakte til land. Dette er ein del av historia. Vi viser eit handverk, avsluttar Per Henrik.

Held tradisjonane ved like

KJÆR DEL AV OPPVEKSTEN: For Magnar Gillesvik (t.v.) og Per Henrik Gillesvik (t.h.) var tønner og tønnefabrikken ein stor del av oppveksten.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK